- E-postEmily.Maddox@uib.no
- Telefon+47 55 58 28 90
- BesøksadresseParkveien 9Ida Bloms hus5007 Bergen
- PostadressePostboks 78055020 Bergen
Rowan Maddox er doktorgradsstipendiat ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK). I prosjektet sitt studerer dei korleis personar med autisme forstår og konstruerer kjønn. Særleg legg dei vekt på korleis desse personane formar identitet i møtet mellom kjønn og autisme. Rowan har utdanningsbakgrunn frå Storbritannia med MPhil innanfor Sociology and Social Policy, mastergrad innan kulturstudiar og kritisk teori og bachelorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Leeds.
I doktorgradsprosjektet studerer Rowan kva strukturar som ligg til grunn for vår forståing av patologi og korleis desse strukturane verkar på konstruksjonen av autistiske subjekt. Gjennom kvalitative data og analyser framhever Rowan korleis personar med autisme og autistisk kultur er ein hensiktsmessig måte å forstå rammene for kva rom kjønn har i vår tid. Dette er eit frigjerande prosjekt som søker å bidra til eit fagfelt med heilskaplege og varierte metodar og analyseteknikk for å betre forstå autisme og autistar.
Ved SKOK er Rowan medlem i forskargruppa Kjønnsforskningens grunnlagsproblemer, ei tverrfagleg og interfakultær gruppe.
Rowan er også medlem i internasjonale nettverk og seminar. Dei er ein av grunnleggjarane av Works in Progress, ein fagfelleleia seminarserie som freistar å fylle mellomrommet mellom samfunnsvitskapen og humaniora. Seminara er ein plattform for personar som har fullført masterstudiar og er tidleg i si forskarkarriere, som søker å utvide rammene for sine respektive fagfelt og skape ei større tverrdisiplinær forståing av samfunn og kultur.
Rowan er i tillegg medlem i Feminist Readings Network, som er eit transnasjonalt og fleirspråkleg nettverk skapt for å auke interessa og lesinga av feministiske og skeive tankar, kunst og pedagogikk. Seminar har blitt halde i Helsinki, Paris og Leeds. I framtida kjem det seminar i Pretoria, Sør-Afrika og i Bergen.
I 2018 skreiv Rowan artikkel for nettstaden Discover Society om prosjektet sitt.
- (2021). The Storyteller and The Mummerehlen: Reading Walter Benjamin through a Disability Lens. Journal of Literary & Cultural Disability Studies. 93-108.
Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.
Maddox, Emily Violet (2021). Reading Walter Benjamin with a Disability Lens. The Storyteller and The Mummerehlen. Journal of Literary & Cultural Disability Studies. 15, (1), 93–108.
MPhil-avhandling: Becoming Autistic: How do Late Diagnosed Autistic People Assigned Female at Birth Understand, Discuss and Create their Gender Identity through the Discourses of Autism? School of Sociology and Social Policy, Universitet i Leeds, 2020.
Rowan Maddox skriv på eit doktorgradsprosjekt ved SKOK.