Hjem
Sigrid Hamres bilde

Sigrid Hamre

Vit. assistent
  • E-postSigrid.Hamre@uib.no
  • Telefon+47 55 58 95 21
  • Besøksadresse
    Magnus Lagabøtesplass 1
  • Postadresse
    Postboks 7806
    5020 BERGEN

Sigrid går på forskarlinja og skriv stor master innan havbruksrett. Målet hennar for masteren er å finne ut kva rettslege skrankar som gjeld ved inngrep i allereie etablerte posisjonar der miljøomsynet talar for inngrep. Ei slik rettsleg skranke kan vere proporsjonalitetsprinsippet og dette prinsippet skal Sigrid fokusere på. Proporsjonalitetsprinsippet er mykje omdiskutert i den alminnelege forvaltningsretten, men i mindre grad opp mot spesielle føresegner.

Problemstillinga er meir spesifikt om det gjeld eit proporsjonalitetsprinsipp etter akvakulturlova § 9 om omgjering av akvakulturkonsesjonar av omsyn til miljøet, og i så fall med kva innhald og verknadar. Med denne problemstillinga får Sigrid undersøkt eit meir allment forvaltningsrettsleg spørsmål med å sjå nærmare på ei spesiell regulering. Samanhengen mellom alminneleg forvaltningsrett på den eine sida og konsesjonsrett og næringsforvaltningsrett på den andre side vert såleis sentralt i masteroppgåva.

Miljøomsynet sin plass i forvaltningsretten skal særleg undersøkast, der det vert fokus på tilhøvet mellom miljøomsynet, omsynet til ei effektiv forvaltning og rettstryggleiksomsynet. Sigrid gler seg til å finne ut kva som er gjeldande rett og moglegvis kva som bør vere gjeldande rett.

Sigrid er tilsett som vitskapleg assistent tilknyta Havbruksprosjektet, som er eit nasjonalt samarbeid mellom UiT, UiB og UiO. I Bergen er prosjektet leia av Ernst Nordtveit. Siktemålet med prosjektet er å analysere og avklare rettslege utfordringar med reguleringa av havbruksnæringa.