Hjem

Funtowicz var professor II ved SVT frå februar 2012 til våren 2021, og er no gjesteforskar her. Han er ein vitskapsfilosof som har vore aktiv innanfor feltet vitskaps- og teknologistudiar (STS). Han starta karriera si med å undervise i matematikk, logikk og forskingsmetodologi i Buenos Aires, Argentina. På 80-talet var han forskar ved University of Leeds i England, og fram til han pensjonerte seg i 2011 jobba han for Institute for the Protection and Security of the Citizen (IPSC) ved Joint Research Centre of the European Commission (EC-JRC).

Saman med Jerome R. Ravetz introduserte han konseptet post-normal vitskap (PNS), og i boka deira Uncertainty and Quality in Science for Policy (1990) introduserte dei NUSAP; eit notasjonssystem for handtering og formidling av usikkerheit i vitskap for lovgjeving. Artikkelen hans Science for the post-normal age (1993) er framleis den mest siterte i sitt felt i tidsskriftet Futures, og blei publisert på nytt med eit nyskrive forord relatert til Covid-19-pandemien i mai 2020.

I lag med Ângela Guimarães Pereira kuraterte Funtowicz Science for Policy: New Challenges, New Opportunities and End of the Cartesian Dream; verk som representerar eit viktig kollektivt forsøk på å same tre generasjonar av forskarar innanfor feltet PNS. Eit år seinare publiserte samme forskarfellesskap ei bok om det dei skildrar som ei krise i vitskapen når det gjeld moglegheiten til å reprodusere og kvalitetskontrollere forsking.

Funtowicz har også samarbeidd med forskarar ved SVT. Saman med professor Roger Strand har han undersøkt handlekraft (agency) i periodar med endring. I artikkelen Change and commitment - beyond risk and responsibility (2011) argumenterar Funtowicz og Strand at når det gjeld nye og globale truslar, så bør ein skifte ut ein risikofokusert visjon basert på føreseiing og kontroll med ein visjon basert på forplikting.

NUSAP, systemet Futowicz og Ravetz introduserte, vart seinare utvikla som eit fullstendig system for vurdering av kunnskapskvalitet av professor i vitskapsteori ved SVT, Jeroen P. Van Der Sluijs.

I tillegg har Funtowicz jobba med Andrea Saltelli, professor II ved SVT. Med Saltelli og fleire andre utvikla han konseptet "sensitivity auditing", ei utviding av sensitivitetsanalyse av statistiske og matematiske modellar som blir brukt inn mot utforming og vurdering av lovgjevingsforslag.

Funtowicz er forfattar av eit utal bøker og artiklar innanfor felt som miljørelatert og teknologisk risiko og forsking relatert til lovgjeving. Han har ei lang karriere som førelesar bak seg, og har delteke i redaksjonsstyret i mange publikasjonar, samt i vitskaplege komitar for mange prosjekt og internasjonale konferansar.

Artiklar/kommentarar:

Blogginnlegg for ESRC STEPS Centre (Social, Technological and Environmental Pathways to Sustainability),  25.03.2020: Post-normal pandemics: Why COVID-19 requires a new approach to science (med David Waltner-Toews, Annibale Biggeri, Bruna De Marchi, Mario Giampietro, Martin O’Connor, Jerome R. Ravetz), Andrea Saltelli og Jeroen P. van der Sluijs.)

Video:

Presentasjon i NMBU CAPS sin webinar-serie: Transdisciplinarity in post-normal science.

Førelesing: Post-normal science: A brief history and basic concepts. For tilgang til videoen, bruk passordet participation. Silvio Funtowicz og postdoktor ved SVT, Zora Kovacic, gjev ein introduksjon til og føreles om post-normal vitskap.

Presentasjon frå eit symposium om usikkerheit ved ESRC STEPS-senteret: What is Uncertainty, and Why Does it Matter? Presentasjonen var ein del av eit panel på symposiet 'The Politics of Uncertainty: Practical Challenges for Transformative Action'," som blei arrangert ved Institute of Development Studies 3. til 5. juli 2019.

Hovudinnlegg: Berekraftskonferansen i Bergen i 2019. Over to dagar samla den norske sektoren for forsking og høgare utdanning nasjonale og internasjonale innleiarar frå akademia, styresmakter, sivilsamfunnet og FN for å utforske rolle kva forsking og utdanning kan spele når ein skal saman skal finne nye tilnærmingar til målet om ei berekraftig global framtid. Funtowicz heldt sitt hovudinnlegg på dag 2 av konferansen.

Podkastar:

Presentasjon: On the Rhetoric of Sustainability, arrangert av Forum for Science and Democracy, SDG Bergen and Bergen Global. I denne presentasjonen ser Funtowicz kritisk på konseptet berekraft, og deler sine erfaringar om korleis forskarar kan gi råd til lovgivarar i samanhengar der vitskapleg usikkerheit og verdikonfliktar rådar.

Samtale: On Post-Normal Science. Silvio Funtowicz og Thor Olav Iversen ved SVT går i djupna om 'den vitskaplege krisa" og bakgrunnen for post-normal vitskap.

Vitenskapelig artikkel
  • Vis forfatter(e) 2020. The technique is never neutral. How methodological choices condition the generation of narratives for sustainability. Environmental Science and Policy. 87-98.
  • Vis forfatter(e) 2020. From Elite Folk Science to the Policy Legend of the Circular Economy. Environmental Science and Policy. 64-72.
  • Vis forfatter(e) 2018. Vecchie risposte a nuove sfide. Epidemiologia & Prevenzione. 182-183.
  • Vis forfatter(e) 2017. What is science’s crisis really about? Futures: The journal of policy, planning and futures studies. 5-11.
  • Vis forfatter(e) 2017. Scienza e democrazia in crisi: un viaggio verso il nuovo che ancora non c’è. Epidemiologia & Prevenzione.
  • Vis forfatter(e) 2016. New narratives for innovation. Journal of Cleaner Production. 1849-1853.
  • Vis forfatter(e) 2015. Sustainability and techno-science: What do we want to sustain and for whom? International Journal of Sustainable Development. 329-348.
  • Vis forfatter(e) 2015. Negotiating a place for sustainability science: Narratives from the Waikaraka Estuary in New Zealand. Environmental Science and Policy. 47-59.
  • Vis forfatter(e) 2014. When all models are wrong. Issues in science and technology. 79-85.
  • Vis forfatter(e) 2013. VISIONS for Venice in 2050: Aleph, story telling and unsolved paradoxes. Futures: The journal of policy, planning and futures studies. 69-78.
  • Vis forfatter(e) 2013. Science based risk assessment requires careful evaluation of all studies. Nature Biotechnology. 1077-1078.
  • Vis forfatter(e) 2012. Sustainable development indicators: from statistics to policy. Environmental Policy and Governance. 322-336.
  • Vis forfatter(e) 2012. Super-Computers, Evolution and the Fabrication of Life: How can Science and Technology Studies (STS) Contribute to More Reflexive Developments in Systems and Synthetic Biology? International Journal of Social Ecology and Sustainble Development. 11-24.
  • Vis forfatter(e) 2012. Hybridizing sustainability: towards a new praxis for the present human predicament. Sustainability Science. 75-89.
Rapport
  • Vis forfatter(e) 2013. What can history teach us about the prospects of a European Research Area? .
Leder
  • Vis forfatter(e) 2013. Plug and play: Synthetic biology and the dream of engineering life. Futures: The journal of policy, planning and futures studies. 1-4.
  • Vis forfatter(e) 2013. Plug and Play: Synthetic Biology and the Dream of Engineering Biology. Futures: The journal of policy, planning and futures studies. 1-4.
Leserinnlegg
  • Vis forfatter(e) 2013. Science-based risk assessment requires careful evaluation of all studies. Nature Biotechnology. 1077-1078.
Short communication
  • Vis forfatter(e) 2012. EL DEBATE: Super-ordenadores, evolución y “la basura” de la vida: ¿Cómo pueden los estudios sociales de la ciencia contribuir a un desarrollo más reflexivo de la biología sintética y de sistemas? Revista Iberoamericana de Ciencia, Tecnología y Sociedad -CTS.
Vitenskapelig antologi/Konferanseserie
  • Vis forfatter(e) 2015. Science, Philosophy and Sustainability The End of the Cartesian Dream. Routledge.
Fagbok
  • Vis forfatter(e) 2016. Science on the verge. Consortium for Science, Policy & Outcomes.
Kronikk
  • Vis forfatter(e) 2020. Post-normal pandemics: Why COVID-19 requires a new approach to science. Blog of ESRC STEPS (Social, Technological and Environmental Pathways to Sustainability) Centre.
Brev til redaktøren
  • Vis forfatter(e) 2016. Modelling: Climate costing is politics not science. Nature. 177-177.
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
  • Vis forfatter(e) 2016. Democracy, Ethics and the Governance of Emerging Science and Technology. 14 sider.
  • Vis forfatter(e) 2015. Post-Normal Science. 12 sider.
  • Vis forfatter(e) 2015. Peer Review and Quality Control. 5 sider.
  • Vis forfatter(e) 2015. New Forms of Science. 7 sider.
Vitenskapelig oversiktsartikkel/review
  • Vis forfatter(e) 2020. From risk calculations to narratives of danger. Climate Risk Management. |1-4.
Fagartikkel
  • Vis forfatter(e) 2019. Tutti dalla parte di Greta? Epidemiologia & Prevenzione. 202-203.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Twitter

Tilknyttet innhold