Hjem
Tomas Salems bilde

Tomas Salem

Stipendiat
  • E-postTomas.Salem@uib.no
  • Telefon+47 55 58 29 83
  • Besøksadresse
    Ida Blom's Hus
    Allégaten 34, 3 etg.
    5007 Bergen
  • Postadresse
    Postboks 7802
    5020 BERGEN

Eg har ein mastergrad i Sosialantropologi frå Universitetet i Bergen, og ein mastergrad i Samfunnssikkerhet frå Universitetet i Tromsø. Eg har tidlegare arbeidd med spørsmål knytt til urban tryggleik, og har forska på forsøket på å reformere militærpolitiet i Rio de Janeiro i forkant av OL 2016.

PhD-prosjektet mitt fokuserer på dei affektive og aspirasjonelle dimensjonane ved norsk friluftliv, og undersøker korleis ulike personar og grupper forsøker å finne lykka og skape seg gode liv gjennom aktiviteter og turer i fjellet. Eg er særleg oppteken av kjønnsdimensjonen ved desse aktivitetane, rollen dei spelar i kulturelle forestillingar om det gode liv, og den symbolske betydinga dei har for konstruksjonen av ein norsk nasjonal identitet. Du kan lese meir omo prosjektet under "prosjekter".

Mine primære interesser er maskulinitet og kjønnsforsking, politisk antropologi og statsformasjoner, samt fenomenologiske perspektiv og affekt-teori.

2018 "I am not a cop": Doing fieldwork with the police in Rio's favelas. Presentation in panel Ethnography and Conflict in Latin America, NOLAN Conference. Oslo Metropolitan University, 25th October.

2018 Gender, Race and Urban (in)Securities. Co-organizer of international workshop with Margit Ystanes. University of Bergen, 16th-17th October.

2018 The Spectacular Favela: Violence in Modern Brazil. Moderator in conversation with Erika Robb Larkins. Department of Social Anthropology, University of Bergen, 16th October. 

2018 Warfare, mountaineering and the gendered dynamics of danger. Presentation in panel “Ethnography in/of Danger”. Bergen Anthropology Day 2018. Bergen.

2018 Kjønnsperspektiv i forskningen. Presentasjon under Fagkritisk dag ved Institutt for geografi, UiB, 8. mars.

2018 How to integrate gender perspectives in research towards the SDGs. Presentation at workshop on Critical approaches to gender, sustainability and futurity, at the SDG 2018 Conference in Bergen, 9th February.

2018 Scale and police reform in Rio de Janeiro. Paper presented at workshop Gendered and Racialized Urban Transformations in Security Politics. Centre for Women’s and Gender Research, Bergen, 24th January.

2018 Emergent police states and necropolitics in the Olympic city. Paper presented at workshop The Olympic City: Politics, Processes, Transformations. Co-organizer of international workshop with Margit Ystanes. University of Bergen, 23rd January.

2018 The Olympic City: Politics, Processes, Transformations. Co-organizer of international workshop with Margit Ystanes, Erika Robb Larkins, Sebastian Saborio, Einar Braathen, and Dennis Pauschinger. University of Bergen, 23rd January.

2018 From Armed Peace to Urban War: The Failure of Rio’s Pacification Project. Breakfast forum at Bergen Resource Centre in collaboration with Margit Ystanes and Sebastian Saborio. Bergen, 23rd January.

2018 SKOK-debatten 2018: #MeTooAkademia. Co-moderator at public debate on sexual harassment in academia. With Mari Korsbrekke, Sophia Efstathiou, Dag Rune Olsen, Helge Holgersen and Christine M. Jacobsen. Litteraturhuset i Bergen 18th January.

2017 Night Snack with SAIH: Olympic Evictions in Rio de Janeiro. Q&A with Margit Ystanes at public screening of Dirty Games: Olympic Evictions in Rio by Janeiro José Alejandro Huidobro Goya and Margit Ystanes. Kvarteret, Bergen 15. november.

2017 Dirty Games: Olympic Evictions in Rio de Janeiro. Panel participant in debate with Margit Ystanes, José Alejandro Huidobro Goya, and Christopher Gaffney. Saná Café, Bergen 7th September.

Vår 2019: Gjesteforelesar i GLODE 305: Gender Analysis in Global Development - Core perspectives and Issues ved HEMIL-senteret, UiB.

Haust 2018: Gjesteforelesar i SANT 150: Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar ved Institutt for Sosialantropologi, UiB.

Haust 2017: Kollokviegruppeleiar og gjesteforelesar i KVIK 102: Likestilling og mangfald ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, UiB.

Tidsskrift og nett:

2017 Diplomats or Warriors? The Failure of Rio's Pacification Project. NACLA Report on the Americas, 49(3), 298-302.

2017 The guerrilleros of the State: Pacification, Violence, Policing, and Predatory forms of Accumulation. Rapport, "Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons", Univerisitetet i Bergen.

2016 Avsetjinga bør fordømmast. Kronikk, Klassekampen, 3. September 2016.

2015 Seven months of war in the favelas. Rapport, CMI Fieldnotes, Chr. Michelsens Institutt, Bergen.

2015 Policing the favelas: Reform, Rank, and Resistance. Rapport, CMI Fieldnotes, Chr. Michelsens Institutt, Bergen.

Avhandlinger:

2016 Security and Policing in Rio de Janeiro: An ethnography of the Pacifying Police Units. Masteroppgåve, Institutt for Ingeniørvitenskap og Sikkerhet, Universitetet i Tromsø.

2016 Taming the War Machine: Police, Pacification, and Power in Rio de Janeiro. Masteroppgåve, Institutt for Sosialantropologi, Universitetet i Bergen.

Mannen og fjellet - Om å finne lukka i naturen (2018-2022)

Doktorgradsprosjekt ved Institutt for sosialantropologi, UiB 

Forskingsprosjektet Mannen og fjellet – om å finne lukka i naturen inngår i eit fireårig doktorgradsstipend i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Gjennom omfattande etnografisk feltarbeid vil prosjektet sjå på korleis ulike former for fjellsport og friluftsliv er knytt til idear om «det norske», om kva det vil seie å være mann, og om menneske sin plass i naturen, og samspelet mellom desse ideane og kulturelle førestillingar om lukka og det gode liv. Med dette som formål, vil prosjektet følgje personar som praktiserer fjellsport og friluftsliv gjennom ulike arenaer og situasjonar, både privat og i lokale organisasjonar og lag, samt i arbeid, til dømes som fjellførarar og turguidar.

Ramma for prosjektet og problemstillinga er forståinga av ei samtid i rask endring, prega av ei kjensle av usikkerhet og uro i høve til framtida. Desse dynamikkane har mange stader ført til ei vending mot tradisjonelle verdiar, og til utbredt nostalgi for ei «svunnen tid» då livet var enklare. For mange betyr dette også ei vending vekk frå det som blir sett på som ei kompleks, moderne og urban verd, og til verdiar som blir oppfatta som tradisjonelle og autentiske «norske» verdiar, som eit liv i tett kontakt med naturen, der friluftsliv har ein sentral plass. I Norge har ein sett ei formidabel vekst i fjellsport og friluftsliv, både i tradisjonelle former, og gjennom aktivitetar som har blitt allmenngjort gjennom teknologiske nyvinningar. Felles for desse aktivitetane er

Prosjektet søker eksplisitt å knytte antropologiske perspektiv på lykke opp mot tverrfagleg lykkeforsking og forsking som undersøker endringar i maskulinitet og kjønn, og spør mellom anna korleis friluftsliv er kjønna, og kva prosessar er det som har gjort fjellsport og friluftsliv sentralt i vår forståing av kva det vil seie å leve eit godt liv, være norsk, eller å være mann? Antropologiske perspektiv på lykke understreker også betydinga av verdiar i førestillingane om det gode liv, og opnar for å sjå på dei spenningane som oppstår i møte mellom jakta på det gode liv og lengsla etter ei enklare tid på den eine sida, og det urbane, høgteknologiske samfunnet på den andre. Kva er det som gjer at folk er villige til å utsetje seg sjølv for fysisk slit, og risikere liv og helse for å klatre høge toppar eller stå på ski ned bratte fjell? Korleis er desse aktivitetane knytt til spesifikke verdiar, som fridom, og til konstruksjonen av eit sjølvstyrt og sjølvstendig liberalt individ? Kva fortel dette oss om søken etter lykken og det gode liv som ein av dei viktigaste drivkreftene bak menneskeleg handling?

Gender, Race and Urban (in)Securities in Rio de Janeiro (2018-2019)

Co-cordinator w/Margit Ystanes

This research project explores the gendered and racialized dimensions of urban (in)security in Rio de Janeiro, and their relations to the growth of right-wing authoritarianism in Brazil. The empirical scope of the contributions centers on the processes leading up to the organization of the 2014 World Cup and 2016 Olympics in Rio.