Hjem
Det psykologiske fakultet

Master i logopedi, 2. året

Ina Christin fremjer den varierte bakgrunnen til medstudentane på logopedi som den kanskje største styrken til dette studieprogrammet. Ho kjenner seg no godt rusta for å gå ut i arbeid som logoped.

Hovedinnhold

Mitt beste råd er å nytte seg av kunnskapen til medstudentar frå ulike bakgrunnar

Korleis er ein typisk dag som student på masterprogrammet i logopedi?

Ein typisk dag som logopedstudent tilbringast enten på lesesalen eller i forelesning frå ca. kl. 9-16. Sjølv om mange av forelesningane ikkje er obligatoriske, får ein mykje ”gratis” ved å få med seg desse. Og i tillegg vert undervisinga mykje meir interessant ved stort oppmøte, då ein får i gang fagleg diskusjon rundt det som vert teke opp. I tillegg til forelesningar, har vi mykje obligatorisk aktivitet i form av gruppearbeid og praksis.

Kva likar du best ved studenttilværet?

Det beste med studenttilværet er den fridomen ein har til å leggje opp sitt eige studieløp, og å kunne nå læringsmåla på den måten som er mest gunstig for akkurat deg. Som student i Bergen har ein eit stort kulturellt tilbod og gode treningsmoglegheiter, og det er heller ikkje feil med studentrabatt på diverse.

Kvifor valde du denne retninga?

Etter å ha tatt ein bachelor i førskulelærar, hadde eg eit ønske om å spisse meg endå nærmare eit spesielt felt. Då kom eg over masteren i logopedi, og tenkte at det var vegen eg ville ta. Og det har eg absolutt ikkje angra på! Som logoped arbeider ein meir individretta og driv tettare oppfølgjing av kvar enkelt brukar. Gjennom auka kunnskap rundt mellom anna lingvistikk, fonetikk, anatomi og fysiologi, psykologi og evidensbasert praksis, føler eg meg no rusta til å ta til i arbeidslivet.

Kva tips har du til framtidige studentar?

Finn studieteknikkar som passar for deg og ikkje mål deg med medstudentar. Nokon treng å jobbe mykje for å oppnå resultat og andre treng å jobbe lite, slik er det berre. Gode resultat er sjølvsagt viktig, men ikkje til ein kvar pris. Finn gode rutiner og ver effektiv dei timane du jobbar, så har du mykje tid til andre ting. Engasjer deg i fagmiljøet på instituttet og ver pådrivar for at miljøet på linja di skal vere bra. Studenttida er verkeleg den beste tida vi har! Studentmassen som tek denne masteren er prega av mange ulike bakgrunnar, alt frå lingvistikk og ergoterapi til lærararar og dei som har bachelor i psykologi. Mitt beste råd er å nytte seg av kunnskapen til medstudentar, då trur eg at ein kjem langt. Vi har mykje å lære av kvarandre, og det er akkurat det som gjer det ekstra lærerikt og spennande.

Kva er logopedi for deg?

Logopedi handlar for meg om å kunne hjelpe folk i alle aldrar med språk- og talevanskar, og nytte brukarane sine sterke sider for å byggje opp under dei svake, slik at utviklinga skal gå i positiv retning. Arbeidet er veldig lærerikt då ein får møte mange ulike menneske med ulike bakgrunnar, og det følest veldig meiningsfylt å kunne hjelpe menneske til auka livskvalitet gjennom kartlegging og logopedisk behandling.