Hjem
Det psykologiske fakultet
Spesialpedagogikk

Vil gi barn og unge positiv mestringsfølelse

Kristian Mjelde Bjelland var lærar då han oppdaga at mange elevar trong litt ekstra støtte i skulekvardagen. No er han student på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Bachelorprogram i spesialpedagogikk - Kristian

Produsent:
UiB

- Du må vere glad i menneske. Du må ynskje å hjelpe barn og unge og gje dei motivasjon til å jobbe vidare med det dei strevar med. Viktigast blir det å gje elevane ein positiv mestringsfølelse, seier Kristian Mjelde Bjelland.

Spesialpedagogikk handlar om tilrettelegging for læring. Det kan gjelde for barn, unge eller vaksne med særlege behov. Kristian Mjelde Bjelland er utdanna lærer allereie. No er han student på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

LES MER: Bachelorprogram i spesialpedagogikk

Brukar eigne erfaringar

Bjelland har sjølv gjennom idretten opplevd kor viktig det er med positiv mestringsfølelse for motivasjon og for eiga læring og utvikling. Han har spelt i eliteserien for Nyborg volleyball-lag sidan 2008 og også vore trenar for damelaget der. Han vil bruke eigne erfaringar vidare i arbeidet med barn og unge i skulen.

Studiet gjer deg eit godt fundament

Alle menneske har ulike føresetnader for læring. I bachelorstudiet i spesialpedagogikk får du eit breitt fagleg fundament for å kunne arbeide både med kvar einskilde elev og med støttesystema rundt elevane. Det kan handle om god tilrettelegging av tiltak både til barn, unge og vaksne. Dei kan vere unge som er svært evnerike, unge med ulike lærevanskar eller personar med utviklingshemming.