Hjem
Det psykologiske fakultet
#barnmåvite

Psykologistudentar laga animasjonfilm om overgrep, for born

Meinte det var for lite informasjon for born, no er videoen blitt sett over 80 000 gongar på ei veke

Har du en vond hemmelighet? - Informasjonsvideo om overgrep mot barn

Produsent:
Silje Segadal Fluge og Trine Skeistrand Kjoberg

Silje Segadal Fluge og Trine Skeistrand Kjoberg er psykologistudentar ved UiB, og har for tida eksternpraksis hjå Ressursenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Som ein del av praksisen har dei laga ein film som ein måte å opplyse born om korleis dei kan reagere ved seksuelle overgrep.

– Formidling av seksuelle overgrep er veldig sjeldan retta mot born. Det er mykje om born, men lite til born. Vi veit at overgrep haldast skjult lenge, fordi born ikkje skjøner det er noko feil, seier Segadal Fluge. 

– Dette er noko som har mangla lenge og vi hadde lyst til å lage det.

Enorm respons

I praksisen fekk dei moglegheita til å gjere noko dei hadde tenkt på i fleire år. Filmen poengterar blant anna skilnaden mellom ein god og ein dårleg hemmelegheit, og gir enkle ordforråd for korleis born kan beskrive tabutemaet overgrep.

Ved sidan av andre arbeidsoppgåver er alt frå animasjon til manus laga av dei to, som er overvelda over den positive responsen filmen har fått. I løpet av ei veke har den nådd over 80 000 sjåarar under hashtagen #barnmåvite – og er omtala blant anna hjå BT Juniorbarnehage.nosedenne.no og i sosiale medier hjå UiB, UiO og Redd Barna.

– Vi har fått mykje gode tilbakemeldingar, både frå dei som har blitt utsatt for overgrep sjølv, foreldre, barnehagar og skular – i tillegg til større organisasjonar som Redd Barna og UNICEF, seier Segadal Fluge.