Hjem
Det psykologiske fakultet
Studiestart 2019

Velkommen som ny student ved Det psykologiske fakultet

Her finn du informasjon om studiestarten og fadderveka for nye studentar på årsstudium, bachelor og profesjonsstudiet i psykologi. Vi ønsker deg den beste moglege starten på studietida ved UiB!

Program for fadderveka, Det psykologiske fakultet 2019
Program for fadderveka 2019 - Det psykologiske fakultet
Photo:
Det psykologiske fakultet

Innhold

Informasjon om studiestarten for ditt studieprogram finn du på studieprogramsidene. Du vil også finne alt du treng å vite som ny student på UiB sine Ny student-sider.

Studiestart og fadderveke 12.-18. august 2019

Måndag

Program for studiestartveka

11.00: Velkomst og orienteringsmøte for alle nye studentar ved Det psykologiske fakultet. Stad: GriegsalenGrieghallen

11.30: Studentane vert delte i faddergrupper, og fortset deretter på programvise møter. Sjå nettsida til ditt studieprogram for fleire detaljar.

14.45: UiB sin offisielle velkomstseremoni med taler og musikk. Kl 14:45: oppmøte i muséhagen med utdeling av boller og juice. Kl 15.00: innmarsj Muséplassen (framfor muséet på Nygårdshøyden)

Fadderarrangement

20.00: Bli kjent-samling hos fadderane

22.00: Faddersamling. Stad: Underlig og Jeppe

Tysdag

Program for studiestartveka 

09.00-14.00: Studenttorg i Studentsenteret. Kva vil du engasjere deg i?

10.00-14.40: Hjelp til semesterregistreringChristies gate 12, rom 110 og 111. Sjekk tid og rom med fadderen din. Hugs å ta med PC/nettbrett/smartelefon.

Her finn du oppskrift for å lage kollisjonsfri timeplan det første semesteret.

15.00-22.00: Organisasjonsdag - Prøv ein studentorganisasjon! Stad: UiB Campus. 

Organisasjonsdagen er eit nytt arrangement for studentane ved Universitetet i Bergen. Her vil du få moglegheita til å testa ut dei ulike studentorganisasjonane og –idrettane. Dette er ein dag som skal skapa samhald og gi ein smakebit på kva studentlivet kan innehalda.

Programmet vil finne stad over heile Bergen sentrum, deriblant på Studentsenteret, Det Akademiske Kvarter, Hulen og i indre by.
 

Fadderarrangement

19.00: Samling og quiz på Kurerbar

21.00: Samling og konsert. Stad: Hulen og Kvarteret

Onsdag

Program for studiestartveka - med atterhald om endringar hausten 2019

10.00-11.00: "God start" med SiB. Eit nyttig kurs med råd om studieteknikk, startvanskar og karrieretips til deg som er ny som student.

Besøk fra Bergen Brannvesen om branntryggleik heime.

Stad: Auditoriet Egget Studentsenteret.

12.00-13.30: PSYFA-Minifagdag! Kva skjer på fakultetet? Du får korte foredrag om kva dei ulike institutta ved fakultetet forskar på. Stad: Auditoriet Egget i Studentsenteret. 

Fadderarrangement

17.00-22.00: "B2B" - Bar til bar

22.00: Samling med SV-fakultetet på Ricks

Torsdag

Fadderarrangement

11.00-16.00: Idrettsdag på Studentsenteret

18.00-22.00: Spill- og pizzakveld på Kurerbar

22.00: Samling på Hulen

Fredag

Program for studiestartveka - med atterhald om endringar hausten 2019

11.00-13.00 Studentlivet på fakultetet. 

PSF og undergruppene har stands. Bli kjend med fagutval og studentforeiningar, Informasjonssenteret, biblioteket, studentsosiale lokaler, lesesalar og anna som finst på fakultetet. Få svar på spørsmål du har om studentlivet ved Det psykologiske fakultet.

Stad: Christies gate 12

  • 11.00: Oppmøte for gruppene BA-PED, PROF, BA-GEN og BA-AOP.
  • 12.00: Oppmøte for gruppene BA-SPED, ÅR-PS og ÅR-PED. 

Fadderarrangement

14.00-16.00: Fjordsightseeing

16.00-18.00: Partybåttur 1 med "Midthordaland"

18.00-20.00: Partybåttur 2 med "Midthordaland"

20.00: Helhus med SV-fakutletet på Kvarteret

Laurdag

Fadderarrangement

18.00-22.00: Gallamiddag på Scandic Ørnen

Sundag

Fadderarrangement

10.30 - 18.00: UiB og BSI Friluft arrangere tur over Vidden, oppmøte kl 10:30 ved Ulriksbanen. Ta med gode turklær og –sko, samt nok å ete og drikke. Turen tar ca 6 timer.