Hjem
Det psykologiske fakultet
Vil du reise på utveksling?

Utveksling ved Det psykologiske fakultet

Det psykologiske fakultet oppfordrar alle sine studentar til å reise på utveksling. Der fins mange alternativ for deg som ynskjer å ta deler av graden din ute. Kor du kan reise og korleis du førebur deg til eit utvekslingsopphald varierar med kva for eit studieprogram du går på.

bilde av utveksling
Photo:
Colourbox.com

Innhold

Det fins mange moglegheiter for deg som student til å reise på utveksling, og du har fleire alternativ å velge mellom. Du kan reise ut gjennom fakultetet sitt Nordplusnettverk i psykologi til utvalgte universitet i Sverige, Danmark og Finland, og du kan reise til fleire land og universitet i Europa gjennom Erasmus+ programmet. Fakultetet har òg eigne utvekslingsavtalar med UC Berkeley og UC San Diego i USA. Du kan òg reise til mange land og verdsdelar utanfor Europa gjennom UiB sine sentrale avtalar.

Kan du reise på utveksling?

  • Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise
  • Du må gå på eit bachelor- eller master studie ved UiB når du søkjer
  • Opptaket på studiet ditt må vere gyldig i heile utvekslingsperioden
  • Studie du skal ta ute må vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av din utdanningsplan ved UiB før du reiser ut
  • Du må vere semesterregistrert ved UiB og betale semsteravgift i heile utvekslingsperioden

Studentar på årstudium, etter- og vidareutdanning eller som har posstudierett kan ikkje søkje om eller reise på utveksling.

Utvekslingsmoglegheitar for profesjonsstudenter i psykologi

Som profesjonsstudent i psykolog kan du reise på utveksling i ditt 5. valfrie semester og/eller i ditt 7. semester til universitet i Norden, Europa, og i verda for øvrig. Som utvekslingsstudent vil du fylgje den samme studieprogresjonen du ville hatt heime, og du vil behalde plassen din på kullet når du kjem att.

I tillegg til vanleg utveksling er det òg mogleg for profesjonsstudentar å søkje om tilrettelagt ekstern fordjupningspraksis i 11. semester ved tilrådde klinikkar i Cape Town i Sør-Afrika, og ved UC Berkeley i USA.  Arbeid ved ein av desse klinikkane vil bli godkjende som bestått ekstern fordjupningspraksis. Meir informasjon om ekstern fordypningspraksis finn du her.

Finn informasjon

Om du ynskjer å reise på utveksling er det viktig at du gjer deg kjent med dei fristane og reglane som gjeld i god tid før søknadsfrist. Hugs å delta på fakultetet sin internasjonale dag i januar og andre orienteringsmøter som fakultetet arrangerar før søknadsfrist, ta kontakt med studentar som har vore på utveksling, og les rapportar skrevet av studenter som har vore på utveksling. Om du ynskjer å snakke med ein veileder, ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

1. Kan du reise på utveksling?

Start med å undersøke om du kan reise på utveksling.

UiB sitt reglementet finn du alle detaljar om uttak og stipendtildeling for delstudier i utlandet. 

2. Når kan eg dra på utveksling? 

I oppbyggingsfana på studieprogramsida finn du informasjon om når det er best at du reiser.

3. Kvar skal eg reise?

Tenk gjennom desse spørsmåla:

  • Kvar er det anbefalt at eg drar? På utvekslingsfanen på studieprogramsiden finn du informasjon om kvar det er anbefalt at du reiser.
  • Er avtalen knytt til det fagområdet eg ønsker å studere ute? Gjeld spesielt for Erasmus-avtalar.
  • Kva land/område ønsker eg å reise til?
  • Kva språk ønsker eg å ha undervisning på?
  • Kva emne har eg lyst til å ta?
  • Når du har sett deg ut eit universitet du ønsker å reise til, bør du lese studentrapportar slik at du finn ut meir om korleis andre har hatt det på akkurat det universitetet du ynskjer å søke deg til. 
  • Kan eg bruke UiB sine sentrale avtalar eller andre institutt sine avtalar? Les om dei enkelte avtalane.

4. Få rettleiing

Ta kontakt med internasjonal koordinator eller informasjonssenteret ved fakultetet for å få svar på eventuelle spørsmål du skulle ha. 

5. Får eg stipend?

Finn ut om det er stipendordninger du kan søke på, for eksempel Erasmus, Nordplus, Lånekassen, Friplassar, etc.

6. Kva kostar det å reise på utveksling?

Finn ut kva det kostar å reise på utveksling

Kor kan du reise?

UiB har samla alle sine utvekslingsavtalar på ei side. Her kan du sortere på land, universitet og fagområde.

Finn utvekslingsavtaler

Korleis søkjer du?

Instruksjon om søkeprosessane ved UiB.

Fagleg førehandsgodkjenning

Du må søkje fakultetet om å få fagleg godkjent kursa du ynskjer å ta ute i god tid før du reiser. Førehandssgodkjenninga di garanterer at studia du tek ute blir godkjent som ein del av grada di ved UiB, og den gir deg rett til å få støtte til delstudier frå Lånekassen.

Sikkerhet, helse og forsikring

Før du reiser på utveksling er det mange ting som må ordnast. Mange land krev visum, du kan trenge å ta spesifikke vaksinar for det landet du utveksler til, og du må skaffe deg eigen forsikring som dekkjer reise- og ulykkesforsikring, innbo, heimtransport ved sjukdom, m.m. Du finn meir informasjon om om dette på UiB sine nettsider, og hugs å lese nøye gjennom UiB si beredskapsbrosjyre for studentar som reiser ut.