Hjem
Det psykologiske fakultet
Eksamen

Eksamen ved Det psykologiske fakultet

Her finn du den informasjonen du treng om eksamen ved Det psykologiske fakultet.

Hovedinnhold

Eksamensplan

Ei oversikt over eksamensdatoer og eksamenslokaler publiseres på UiB sine nettsider 1.juni for vårsemester og 1.desember for høstsemester.

UiBTreet

Kikk på UiBTreet for å få oversikt over kva du må gjera i samband med eksamen!

Innlevering av oppgåver

Sensur

Sensuren for ein eksamen blir publisert på Studentweb seinast tre veker etter eksamensdato. For master- og hovedoppgåver er sensurfristen inntil 8 veker. Du skal få melding om din sensurdato. 

Sjuk på eksamen?

Var du sjuk på eksamen, eller hadde gyldig fråvær? Da søker du om å få registrert gyldig fråvær på eksamen.  

Du er sjølv ansvarleg for å melde gyldig fråvær innanfor tidsfristen (to veker etter eksamensdato), samt å leggje ved relevant og riktig dokumentasjon. Skjema og info finn du på denne sida: 

Du sender ein søknad per eksamen, og velger eksamen i skjemaet. Når sensuren faller, vil du sjå om du har fått gyldig fråvær på eksamen. Gyldig fråvær teller ikkje som et forsøk på eksamen.

Har du rett på ny eksamen?

Om du har gyldig fråvær på ein heimeeksamen, muntleg eller skuleeksamen i eit semester det var undervisning i emnet, har du rett på eit nytt forsøk. Du må sjølv melde deg til vurdering neste gong det er eksamen i emnet. 

Du får utfyllende informasjon frå fakultetet når du melder gyldig fråvær.  

Emner med andre vurderingsformer (oppgåve, mappe, deltatt, praksis) 

Om du ikkje har oppnådd gyldig resultat på eit emne som har ein annan vurderingsform enn skule og heimeeksamen, må du vente til neste gong emnet har undervisning før du kan fullføre dette emnet. 

Stryk på eksamen? Eller ny eksamen for å forbetre karakter

Om du ønskjer å ta opp igjen eksamen fordi du strøk, eller for å forbetre karakter, må du sjølv melde deg opp i emnet neste gong det er eksamen. Dette forutsetter at du har den studieretten som kreves, at eventuelle obligatoriske aktivitetar er gyldige og at du ikkje har brukt dine 3 forsøk på eksamen.

 

Særskilte eksamensregler for profesjonsstudiet i psykologi

Emner med skuleeksamen som vurderingsform

I emner som kun har undervisning høst eller vår, og som har skuleeksamen som vurderingsform, tilbyr vi ein ekstra eksamen (Ordinær tidleg eksamen) i semesteret det ikkje er undervisning i emnet. Om du ikkje har bestått eksamen, må du melde deg til denne eksamenen for å oppretthalde studieprogresjon.

Alle studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar kan melde seg til denne eksamen.

I emnene PRPSYK307, PRPSYK308 og PRPSYK313, der det er undervisning kvart semester og skuleeksamen som vurderingsform, tilbyr vi kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær så raskt som mogeleg. 

Vi tilbyr KUN kontinuasjonseksamen (sjukeeksamen) når det er studentar som har gyldig fravær på ordinær eksamen. Om det settes opp ein kontinuasjonseksamen, kan alle studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar melde seg. Om du ikkje har gyldig resultat (bestått eksamen), må du melde deg til denne eksamenen for å oppretthalde studieprogresjon. 

Om du ønskjer å forbetre resultat på ein tidlegare eksamen kan du også melde deg til kontinuasjonseksamen. 

Emner med heimeeeksamen som vurderingsform 

I emner som har heimeeksamen som vurderingsform settes det ikkje opp kontinuasjonseksamen, men alle studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar kan melde seg opp til neste eksamen som tilbys i emnet. Om du ikkje har gyldig resultat (bestått eksamen), må du melde deg til denne eksamenen for å oppretthalde studieprogresjon. 

Emner med andre vurderingsformer (oppgåve, mappe, deltatt, praksis) 

Om du ikkje har oppnådd gyldig resultat på eit emne som har ein annan vurderingsform enn skule og heimeeksamen, må du vente til neste gong emnet har undervisning før du kan fullføre dette emnet. 

Må eg bytte kull om eg ikkje har gyldig eksamensresultat? 

Om du har gyldig fravær på skule- eller heimeeksamen, kan du fortsette å følgje undervisninga med ditt kull fram til neste sensur i emnet kjem ut, eller til klagesensur kjem. Om endeleg karakter på ny eksamen er F/ ikkje bestått, må du avbryte semesteret og ta kontakt med studieveileder på info.psyfa@uib.no. 

Om du har strøket, avbrutt eller ikkje møtt på skuleeksamen i PRPSYK307, 308 eller 313 kan du fortsette å følgje undervisninga med ditt kull, så framt at det settes opp kontinuasjonseksamen og du melder deg til denne. Eventuelt til klagesensur kjem. Om endeleg karakter på ny eksamen er F/ ikkje bestått, må du avbryte semesteret og ta kontakt med studieveileder på info.psyfa@uib.no. 

Om du manglar gyldig resultat på eit emne med ein annan vurderingsform, kan du i utgangspunktet ikkje fortsette med ditt kull. Ta kontakt med info.psyfa@uib.no.  for å justere utdanningsplanen din. 

Fakultet kan i særskilte tilfeller, etter søknad, gje dispensasjon frå forkunnskapskrav. Ta kontakt med studieveileder på info.psyfa@uib.no for spørsmål om studieprogresjon og forkunnskapskrav.  

 

 

Relevant regelverk