Hjem
Det psykologiske fakultet

Personopplysing

Personopplysingar i forsking skal ha eit særskilt vern. Det er viktig å vera klar over kva som er ei personopplysing, og kva typar personopplysingar som finst.

Hovedinnhold

Ei personopplysing er ei opplysing/vurdering som kan knytast til ein person. Opplysingar kan t.d. vera knytt til ein person via fødselsnummer, namn, e-postadresse/IP-adresse eller referansenummer som viser til ei namneliste, via bilete/video av andlet eller ei samanstilling av bakgrunnsopplysingar.

Ein person vil vere direkte identifiserbar via namn, fødsels-/personnummer eller andre eintydige kjenneteikn.

Ein person vil vera indirekte identifiserbar dersom det er mogleg å identifisera vedkomande gjennom bakgrunnsopplysingar som t.d. bustadkommune kombinert med opplysingar om alder, kjønn, yrke, etc.

Sensitive opplysingar er informasjon om rase eller etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, informasjon om straffbar handling (mistanke, sikting, tiltale eller dom), helseopplysingar, seksuelle opplysingar, og opplysingar om medlemskap i fagforeining.

Opplysingane er avidentifiserte om namn, personnummer eller andre eintydige kjenneteikn er erstatta med eit nummer, ein kode, fiktive namn eller liknande, som viser til ei separat liste med dei direkte personopplysingane. Indirekte personidentifiserande opplysingar må kategoriserast i vide kategoriar eller fjernast for at datamaterialet skal vera avidentifisert, t.d. aldersintervall, landsdel o.l.

Anonyme opplysingar er informasjon som ikkje kan identifisera einskildpersonar i eit datamateriale, korkje direkte eller indirekte. Anonymisering av eit datamateriale medfører at kopling mot namnelister slettast, og at indirekte personopplysingar vert sletta eller kategorisert.