Personvern
Personvern er knytt til vern av personleg integritet og personlege opplysingar. Det kan skiljast mellom personvern og personopplysingsvern.
Hovedinnhold
Personvern er vern av personleg integritet og einskildindivida sitt høve for privatliv, autonomi og sjølvutfolding. Omgrepet er sosialt vinkla, og knytt til retten til å ha ei eiga privat sfære som ein sjølv kontrollerer.
Personopplysingsvern gjeld reglar og standardar for behandling av personopplysingar som har personvern som hovudmål. Omgrepet er knytt til høvet til sjølv å kontrollera når, korleis og kor mykje informasjon om eigen person som vert spreidd til andre partar. Personopplysningsvern i denne tydinga vert ofte berre kalla personvern.
26.05.2023