Hjem
Det psykologiske fakultet

Praktisk informasjon for masterstudentar ved Det psykologiske fakultet

Her finn du den viktigaste praktiske informasjonen som gjeld for deg som masterstudent.

Hovedinnhold

Lesesalar

Informasjon om lesesalar, PC-stover og andre arbeidsplassar for masterstudentar ved Det psykologiske fakultet finn du på desse sidene. Hugs å sette deg godt inn i lesesalsreglementet.

Utdanningsplanen

Alle studentar på masterprogram ved Det psykologiske fakultet skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal:

  • bidra til eit tett og gjensidig forpliktande forhold mellom deg som student og Universitetet i Bergen
  • syne korleis universitetet legg til rette for at du som student skal nå definerte læringsmål på avtalt tid.

Utdanningsplanen omfattar to delar: ein generell del og ein spesifikk del. Den generelle delen er felles for alle masterstudentar ved UiB og omtalar generelle forhold ved studiet, og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og Universitetet i Bergen.Den spesifikke delen omtalar studieprogrammet ditt meir detaljert, og inneheld òg studieløpet til kvar enkelt student. Denne delen fyller du ut via StudentWeb. I den spesifikke delen inngår òg ein rettleiingskontrakt som er ei avtale mellom student, rettleiar og styrar ved instituttet du er knytt til på masteroppgåva.

Utdanningsplanen er gyldig så lenge du følgjer den og held deg til gjeldande reglar og forskrifter, det vil seie fire semester for ein heiltidsstudent. som heiltidsstudent er progresjonen 30 studiepoeng kvart semester. Du vil bli kalla inn til oppfølgingssamtale dersom det viser seg at du avlegg færre studiepoeng enn det som er avtalt i planen. Dersom masterprogrammet opnar for det, kan du søkje om deltidsstudium (50 %), sjå eige punkt.

Rettleiingskontrakten

Rettleiingskontrakten vert inngått når rettleiar er oppnemnd, seinast innan 15. juni / 15. desember i semesteret før du byrjar på arbeidet med masteroppgåva, eller ellevte semester på profesjonsstudiet i psykologi. Kontrakten seier kven som er rettleiaren din, kor mange timar rettleiing du har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student. Du finn kontrakten på bokmål og nynorsk på samlesida med skjema for studentar ved Det psykologiske fakultet. Sjå kapittel 6 i utfyllande reglar for Det psykologiske fakultet for meir informasjon om rettleiing på master-/hovudoppgåva.

Opphald i utlandet

Mange fagmiljø har gode faglege kontaktar med institusjonar og fagmiljø i utlandet. Det kan vere nyttig for mange masterstudentar å planleggje eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Einskilde masterprogram ved fakultetet legg til rette for at masterstudentar kan ta delar av studiet i utlandet. Informajon om delstudium i utlandet finn du her.

I tillegg vil mange masterstudentar arbeide med kjelder, innhenting av materiale, feltarbeid og anna knytt til masteroppgåva. Dei vil ofte ha status som gjestestudentar. Kontakt internasjonal koordinator ved fakultetet for meir informasjon.Alle studentar som reiser til utlandet i samband med studia, må fylle ut og levere inn opplysningsskjema/eigeerklæring. Meir informasjon om dette, samt UiB sin brosjyre om tryggleik, finn du på UiB sine informasjonssider om delstudium i utlandet.

Økonomisk stønad

Du kan søkje fakultetet om refusjon av utlegg i samband med datainnsamling til masteroppgåva. Utlegg til reiser og/eller forbruksmateriale vert dekt med inntil 2600 kr. Bruk søknadsskjema som du finn på samlesida med skjema for studentar ved Det psykologiske fakultet

 

Retningslinjer ved Det psykologiske fakultet for innsamling og handtering av data til bruk i studentoppgåver

1. Roller

I eit studentprosjekt under doktorgradsnivå, er rettleiar prosjektansvarleg, og studenten prosjektmedarbeidar.

1.       Før datainnsamlinga kan byrja

Studenten må setja seg inn i personvernregelverket og dei rutinane som gjeld for datahandtering ved UiB. Rettleiar skal saman med studenten, vurdera om det er mogleg å gjennomføra prosjektet utan, eller med minst mogleg, innsamling av personidentifiserbare opplysningar.

Rettleiar skal saman med studenten registrera prosjektet med personopplysningar i UiBs prosjektregister, RETTE. Basert på dei opplysningane ein gir, vil ein få melding om datainnsamlinga kan starta, eller om ytterlegare saksarbeid hos REK eller NSD er påkravd. Alle godkjenningar skal vera på plass før datainnsamlinga kan byrja.

Nettstader og ressursar som både student og rettleiar skal kjenna til:

3. Under datainnsamlinga

Under innsamling av personopplysningar skal studenten sørga for at sjansen for at data kan falla til tredjepart, er minimal: Spørjeskjema må være låst ned og tekniske hjelpemiddel må vera passordbeskytta. Om det er mogleg, skal data samlast inn ved hjelp av dei tekniske løysningane i SAFE.

4. Etter datainnsamlinga

Rådata med personopplysningar, både kvalitative og kvantitative, skal leverast til rettleiar. Studenten skal transkribera og anonymisera data så raskt som mogleg etter at datainnsamlinga er avslutta. Dersom det ikkje er mogleg å gjera data anonyme, skal dei leggast inn og analyserast i SAFE. Etter at dei er overførte til SAFE, må studenten sletta alle kopiar på eiga maskin.Data skal lagrast fram til prosjektslutt, enten på ein minnepinne i låst skap ved instituttet, eller på studentdatalager inn i SAFE. Etter prosjektslutt, skal rettleiar slette originaldata med personopplysningar.

Rettleiar må forsikra seg om at studenten ikkje lagrar og nyttar persondata på utsida av SAFE. Studenten kan berre nytta transkriberte og anonyme data på eiga maskin.

5. Ved prosjektslutt

UiB har råderetten over data tilsette og studentar samlar inn. Det er delegert i linja å forvalta denne råderetten. Rettleiar skal vurdera verdien av vidare liv for data etter at studentprosjektet er avslutta. Dersom det ikkje finst heimel for vidare lagring av personopplysningar, pliktar rettleiar å sletta eller å anonymisera slike data.Studenten kan berre ta vare på anonyme data.Rettleiar kan ikkje nytta data samla inn av studenten i eige arbeid før studenten har avlagt eksamen. Om ein ønsker å avvika frå denne grunnregelen, må det avtalast spesielt mellom student og rettleiar.

Innlevering av master-/hovudoppgåva

Masteroppgåva skal leverast elektronisk innan gjevne fristar. Sjå emneomtalen for masteroppgåveemnet på emnesida for informasjon om innleveringsfrist, omfang og utforming.

Har du spørsmål om innleveringa, ta kontakt med informasjonssenteret ved fakultetet.

Utsetjing, forseinking og permisjon

Utsetjing

Fakultetet kan i særskilte tilfeller gje inntil 14 dagar utsetjing på innlevering av masteroppgåve. Sjå kapittel 6.2.8 i utfyllande reglar for Det psykologiske fakultet for kva vilkår som gjeld.

Dersom du har behov for å søke om utsettelse må du sende en begrunna søknad i forkant av innleveringsfristen. Ei utsetjing av innleveringsfristen medfører ikkje at du blir forseinka i studieløpet ditt. Vel anten skjema på nynorsk eller skjema på bokmål.

Forseinking: Endring av utdanningsplan

Om du treng utsettelse på meir enn 14 dagar, vert forseinka i studia, vil fullføre før normert tid, eller ynskjer å studera på deltid, må du søkje om tilrettelegging av studieløpet. Fakultetet behandlar denne søknaden. Du søker om endring av utdanningsplan via eit søknadsskjema, vel anten skjema på nynorsk eller skjema på bokmål

Permisjon frå masterstudiet

Dersom du skal søkje permisjon, må du gjere greie for årsaka til permisjonen. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden. Meir informasjon om permisjon frå studiet og lenke til søknadsskjema finn du på denne sida.

Studierettleiing

For bestilling av veiledningstime bestill tid i kalenderen

Tilrettelegging

Treng du tilrettelegging i studiekvardagen? Du finn informasjon om dette her