Omvendt undervising
Norsk skule reproduserer sosial ulikskap. Løysinga er tilpassa opplæring. Kan omvendt undervising vere metoden? spør professor Rune J. Krumsvik i ein kronikk på forskning.no.

Hovedinnhold
Rune J. Krumsvik er professor ved Institutt for pedagogikk, og har gjennomført den største IKT-studien til no i den vidaregåande skulen i Noreg. I eit feltarbeid vinteren 2013 observerte forskarane ein ny metode med omvendt undervisning på ein av skulane i studien. Metoden gjekk ut på at læraren flytta tavleundervisninga ut av klasserommet, og brukte meir av tida elevane var på skulen til rettleiing. I følge Krumsvik kan denne metoden fremje læring i store klassar på opptil 30 elevar, og slik motverke den sosiale ulikskapen som den tradisjonelle undervisinga kan føre til.
Les kronikken i sin heilskap på forskning.no.