Hjem
Det psykologiske fakultet
Undervisningsdagen 2015

Undervisningsdagen 2015

Det psykologiske fakultet arrangerte sin årlege undervisningsdag 11. februar 2015. På programmet stod foredrag og innlegg rundt temaet danning i utdanning, og utdeling av Undervisningsprisen og Studiekvalitetsprisen. Studiekvalitetsprisen gjekk til førsteamanuensis Elisabeth Schanche, og Undervisningsprisen til professor Terje Manger.

Prisvinnare
Prisvinnarane Terje Manger og Elisabeth Schanche.
Foto/ill.:
Fredrik Lian

I statuttane for Studiekvalitetsprisen står det: «Studiekvalitetsprisen gis til en foreleser eller et fagmiljø som har utviklet et undervisningsopplegg eller iverksatt et tiltak som har styrket både faglige og pedagogiske kvaliteter i undervisningen.» Professor Helge Nordby, nestleiar for Kvalitetsutvalget for undervisnings og evaluering (KUE), delte ut prisen og hadde mykje positivt å seie om prisvinnaren:

- Prisen går til ein relativt nyleg tilsett person, som tidleg har vist stor interesse og engasjement for undervisningsverksemd. Personen har gjort ein stor studieadministrativ innsats med implementering av nye store emne med mange deltakarar, og har vore med å revitalisere og fornye opplæringa ved instituttet. Vinnaren av prisen er førsteamanuensis Elisabeth Schanche. 

Elisabeth Scanche tok sjølv i mot prisen, og var begeistra og overraska.

Engasjert undervisningsprisvinnar

Det var den nye leiaren av Psykologisk studentutval, Marius Hafstad, som delte ut studentane sin Undervisningspris. Det var totalt seks nominerte kandidatar, og Hafstad sa følgjande om prisvinnaren: 

- Prisen går til ein inspirerande forelesar, som nyttar stor grad av pedagogikk i forelesingane sine. Han har strukturert og oversiktleg undervisning, og gjentar viktige punkt. Han er ein forelesar som har tilrettelagt for ekskursjonar, og som har opna for tilbakemelding frå studentane. Prisvinnaren viser både fagleg og medmenneskeleg tryggleik. Vinnaren av Undervisningsprisen er Terje Manger.

Det var ein overraska Terje Manger som tok i mot prisen. Terje vant Studiekvalitetsprisen i fjor, og hadde ikkje rekna med å skulle halde ein takketale i år igjen. Han rosa studentane sine, som viser stor interessert for faget og som klarar å knytte teori til praksis.

Danning i utdanning og universitetsfellesskap

Prisutdelinga var avslutninga på ein inspirerande Undervisningsdag ved Det psykologiske fakultet, der deltakarane fekk høyre på fleire interessante foredrag og diskusjonar rundt temaet danning og utdanning. Arrangementet vart opna av viserektor for utdanning Oddrun Samdal. Jan Reinert Karlsen frå Senter for vitskapsteori heldt eit innlegg om allmenndanning som kjerna i eit levande universitetsfellesskap.  I innlegget «Stemmer frå fakulteta» fekk ein representant frå kvart institutt halde eit innlegg på tre til fem minutt, for å reflektere over temaet danning i utdanning. Marius Hafstad hadde eit innlegg på vegne av studentane. Det siste foredraget var i form av ein samtale mellom stipendiatar Helene Kjærgård Eide og Johanne Ness om danning er noko som er gløymt eller underkommunisert. Undervisningsdagen var ein stor suksess med fleire påmeldte enn nokon gong før.