Hjem
Det psykologiske fakultet

Påmelding til undervisning for nye studentar

Meld deg på seminargruppe knytt til ditt studieprogram slik at du får ein kollisjonsfri timeplan det første semesteret. Då får du også gå saman med dei andre på studieprogrammet ditt ved Det psykologiske fakultet.

Undervisninga du skal følge det første semesteret ditt som ny student ved Det psykologiske fakultet, er organisert i førelesingar og seminargrupper. Førelesingane skal gje deg eit oversyn over dei ulike tema i emnet du tar, og er felles for alle. Seminargruppene er mindre i størrelse og går meir i djupna på utvalte tema. Det er derfor fleire seminargrupper å velje mellom på kvart emne, og fleire av dei går samstundes. Følg oppskrifta her for å sikre deg at du melder deg på seminargrupper som ikkje fører til kollisjonar i timeplanen.

Faddergruppa viser veg

Alle nye studentar blir delt inn i faddergrupper, basert på studieprogramma dei skal studere. Faddergruppa di har ein kode, til dømes ÅRS-PS 3, BA-PED 1, BA-AOP 2, PROF 4 osb.  Du får vite koden til di gruppe den første dagen i studiestarten, på orienteringsmøtet 14. august. Denne koden finn du att på seminargruppene som høver til di faddergruppe, i dei emna du skal ta i haust. Slik gjer du:

  1. Logg på StudentWeb, og gå til sida som heiter 'Utdanningsplan' (under menypunktet 'studier').
  2. Vel emnet du skal melde deg til undervisning og vurdering i, t.d. PSYK112.
  3. Finn gruppa med "din" kode i rullegardina som kjem opp når du skal registrere deg til undervisning. Dersom du tilhøyrer faddergruppe BA-GEN 1, skal du velge seminargruppa som heiter 'BA-GEN 1 Sem.gr. 1 BA i generell psykologi'.
  4. Dersom du går på 6-årig profesjonsstudium og skal melde deg til kollokviegruppe i PROPSY301A må du sjølv sjekke tidspunkt i timeplanen for å unngå kollisjon.
  5. Hugs å stadfeste undervegs.
  6. Gjenta prosedyren for det eller dei andre emna som ligg i utdanningsplanen din for haustsemesteret.
  7. Er det ikkje plass att på gruppa med din kode? Ikkje fortvil - det er framleis mange grupper du kan velje, men sjekk sjølv i timeplanen for emnet at tidspunkta ikkje kolliderer. Du finn timeplan på uib.no/emne/[EMNEKODE].
  8. Har du meldt deg på feil gruppe eller ønsker å bytte? Det er mogleg å bytte seminargrupper i StudentWeb fram til 1. september, så lenge det er plass på gruppa du vil bytte til.

Treng du hjelp? Kom på semesterregistreringsstuene i studiestartveka (sjå fadderprogrammet) eller kontakt oss i Infosenteret ved Det psykologiske fakultet.