Hjem
Studieadministrativ avdeling
Seminarserie om undervisning og læring

Fra prat til praksis

Seminarrekke for alle UiB-tilsette som er involverte i undervising og læring.

I verkstedet
Photo:
Magne Sandnes

Innhold

Hausten 2018

VURDERING AV OG FOR LÆRING
Tysdag 18. september
Vi veit at studentar lærer best ved varierte former for undervising, arbeid og vurdering. Like fullt dominerer tradisjonell skriftleg eksamen vurderingskulturen ved UiB. Denne dagen kan du møta og læra av erfaringane til kollegaer som brukar ulike formative vurderingsformer.

Innleiarar er professor Sigve Tjøtta, Institutt for økonomi, og førsteamanuensis Anne Szefer Karlsen, Institutt for kunst. Tjøtta fortel om kva som skjedde då han endra vurderingspraksis i eit emne i eksperimentell økonomi, Karlsen om vurderingspraksis i utøvande og skapande kunstfag. 

Det blir og ei orientering om at universitetsstyret har opna for utprøving av nye eller alternative vurderingsformer, slik at fagmiljø som ønskjer det kan be om dispensasjon frå studieforskrifta.  

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

LÆRINGSUTBYTTE – HAR VI DET NO? 
Onsdag 10. oktober UTSATT, NY DATO KOMMER
Korleis artikulera kva studentar skal kunna, vita og vera i stand til å gjera etter fullført utdanning, på bachelor-, master- og doktorgradsnivå? Dei som har prøvd, veit at jobben er lettare sagt enn gjort. Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse - kva slags kvalifikasjonar er det snakk om og kva meining kan dei ha i ulike faglege kontekstar? Studentar og undervisarar deler og diskuterer eigne refleksjonar.

Professor Harald Wiker, Klinisk institutt 2, er ein av innleiarane denne dagen. Han fortel om omlegginga av medisinstudiet frå 2015. Førsteamanuensis Jan Reinert Karlsen, Senter for vitskapsterori, kastar kunnskapsteoretisk lys over utfordringane han har møtt som fagleg koordinator for UiB sine danningsemne. Talerør for studentane, som kanskje veit best kvar læringsskoen trykkjer, er Terje-André Kvinlaug. Han studerer samanliknande politikk og har fartstid frå studentparlamentet og utdanningsutvalet ved UiB.    

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

KVA SKAL AKADEMIKARAR MED GENERELL KOMPETANSE?
Onsdag 7. november
Danning, ja vel, men sjølvstende, samarbeidsevne og  ansvarleg framferd? Og kva med digital kompetanse, medborgarskap og kommunikasjonsevne? Vi ser nærare på kva vi eigentleg meiner når vi snakkar om kvalifikasjonar i kategorien «generell kompetanse», og legg til rette for aktiv deltaking etter innleiingane.

Frå arbeidslivet kjem UiB-alumn Per-Arne Larsen, klyngeleiar i DesignRegion Bergen, reflekterer over kompetansar UiB "umerkeleg lurte inn i han" i løpet av studietida som gjorde han til master i religionsvitskap. Larsen møter Harald Walderhaug, visedekan for utdanning ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet. Frå sin ståstad drøftar han kva for generelle kompetansar som er og bør vera felles for realistar.

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

 

VÅREN 2018

Onsdag 11. april:
Team-based learning som strategi, metode og inspirasjon - workshop
Lurer du på kva Team-based learning (TBL) er for noko, og om det er noko som du kan bruke i undervisinga di? Førsteamanuensis Robert Gray jr frå UPED gir oss eit krasjkurs i Team-based learning. Vi får både ei innføring i metoden og høve til å prøve metoden i praksis i eit undervisingsopplegg med oss som studentar. Denne gongen snakkar vi engelsk.

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

Onsdag 7. mars:
Aktiv læring i auditoret
Førelesinga er ei mykje brukt undervisingsform. Korleis auka interaksjonen med og mellom studentane ved å ta i bruk digitale verktøy? Professor Martin Biermann ved Klinisk institutt 1 tek spørsmålet på alvor. Han har lagt om undervisinga si ved hjelp av studentresponssytemet Socrative. Førsteamanuensis Marit Øilo frå Institutt for klinisk odontologi presenterer erfaringar med Kahoot. Stipendiat Kristine Ludvigsen frå forskargruppa "Digitale læringsfellesskap" ved Institutt for pedagogikk viser korleis vi kan bruka Flinga og presenterer funn frå forskinga si. 

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

 

Måndag 29. januar (ny dato)
Programdesign
Hvordan utvikle og videreutvikle relevante studieprogram? Professor Kristine Jørgensen og professor Astrid Gynnild fra Institutt for informasjons- og medievitenskap deler ferske erfaringer sammen med professor i pedagogikk Arild Raaheim, som har deltatt i instituttets arbeid med seks nye studieprogram. God tid til spørsmål, svar og erfaringsutveksling.

Tid:       10.00-12.00 ELLER 13.00-15.00
Stad:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

Du kan melde deg på vårens miniseminar enkeltvis eller samla.

 

 

HØSTEN 2017

Torsdag 5. oktober: NB! NY DATO
Bli kjent med den nye lærings- og formidlingslaben i MediaCity Bergen

Omvisning med introduksjon til muligheter for audiovisuelle produksjoner, podcast og grafisk arbeid. Spørsmål, svar og diskusjon: Hvordan kan fagmiljøene bruke laben? Korte innledninger ved viserektor Oddrun Samdal, produsent Tane Holm Høisæter, rådgiver Daniel Nygård, førsteamanuensis i pedagogikk Ivar Nordmo og universitetslektor Cecilie Boge.

Tid:       13 - 15
Sted:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30


Onsdag 18. oktober:
Undervisning og læring i grupper
Om arbeid i grupper på store fag, gruppearbeid integrert i forelesninger og veiledning i grupper. Innledninger ved førsteamanuensis i jus Jan-Ove Færstad, førsteamanuensis i medisinsk og helsefaglig pedagogikk Monika Kvernenes og professor i visuell kommunikasjon Ashley Booth.God tid til spørsmål, svar og erfaringsutveksling.

Tid:       10 - 12 ELLER 13 - 15
Sted:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30


Tirsdag 28. november (utsett til 29. januar):
Programdesign
Hvordan utvikle og videreutvikle relevante studieprogram? Professorene Ole J. Mjøs og Kristine Jørgensen fra Institutt for informasjons- og medievitenskap deler ferske erfaringer sammen med professor i pedagogikk Arild Raaheim, som har deltatt i instituttets arbeid med seks nye studieprogram. God tid til spørsmål, svar og erfaringsutveksling.

Tid:       10 - 12 ELLER 13 - 15
Sted:     Store læringsrom, Lærings- og formidlingslab, 3. etg. MCB, Lars Hilles gate 30

Du kan melde deg på høstens miniseminarer enkeltvis eller samlet.

 

VÅREN 2017

Program for universitetspedagogikk (UPED) ved Det psykologiske fakultet og Læringsstøttegruppen ved Studieadministrativ avdeling (SA) arrangerte tre miniseminarer om læringsutbyttebeskrivelser som ressurs i undervisningen og i Mitt UiB. Vi begynte med program og gikk via læringsutbyttebeskrivelse og vurderingsformer til "ombendt klasserom" og strukturering av studentenes læringsarbeid.

 

Tema 1: Studieprogrammet i sentrum

Seminaret ledes av Yael Harlap og Cecilie Boge

  • Studieprogrammet som helhet – hvordan planlegge delene i programmet
  • Hva er gode læringsutbyttebeskrivelser?
  • Sammenhengen mellom kursinnhold, læringsaktiviteter og vurderingsformer
  • Emnebeskrivelsen som nyttig verktøy i undervisningen

Tid:       09.00-10.30 ELLER 13.00 - 14.30

Sted:     Seminarrom A, Studentsenteret

Du kan melde deg på høstens miniseminarer enkeltvis eller samlet.

 

Mandag 20. mars

Tema 2: Læringsutbyttebeskrivelser og ulike vurderingsformer i Mitt UiB

Seminaret ledes av Robert Gray, Cecilie Boge, Svein Kåre Sture

  • Bruk av læringsutbyttebeskrivelser og vurderingskriterier i Mitt UiB
  • Bruk av ulike arbeidsmåter og vurderingsformer, blant annet mappevurdering

Tid:       09.00-10.30 ELLER 13.00 - 14.30

Sted:     Seminarrom E, Studentsenteret

Du kan melde deg på høstens miniseminarer enkeltvis eller samlet.

 

Onsdag 19. april

Tema 3: Studentaktiv læring

Seminaret ledes av Robert Gray, Cecilie Boge, Svein Kåre Sture

  • Omvendt klasserom («Flipped classroom»)
  • Strukturering av læringsarbeidet - Moduler i Mitt UiB

Tid:       09.00-10.30 ELLER 13.00 - 14.30

Sted:     Seminarrom A, Studentsenteret

Du kan melde deg på høstens miniseminarer enkeltvis eller samlet.