Hjem

Studieadministrativ avdeling

Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia

15. Utdanningsmelding

Kvart institutt og fakultet skal utarbeide ein årsrapport om utdanningsverksemda

Fakulteta skal ta utgangspunkt i institutta sine utdanningsmeldingar og/eller emne og programrapportar. Utdanningsmeldinga gjeld for kalenderåret. Fakulteta har frist 1. april.

Faste tema i utdanningsmeldinga er å gje ei skildring og vurdering av studiekvaliteten ved fakultet/institutt, resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet, og å skildre særlege utfordringar. Meldinga skal gje særskilt omtale av læringsmiljøet (infrastruktur, rammevilkår og anna). Meldingane skal omtale planar for utdanningsverksemda og studiekvalitetsarbeidet det komande året, samt gjennomførte og planlagde programevalueringar.

Institutta og fakulteta sine utdanningsmeldingar er svært viktige for kvalitetssikringa av studietilbodet ved universitetet. Derfor må både dei vitskapleg tilsette og studentane vere med på å utforme og drøfte innhaldet i utdanningsmeldingane. På grunnlag av fakulteta sine utdanningsmeldingar vert den årlege utdanningsmeldinga for institusjonen utarbeidd. Denne meldinga skal gje ei samla og overordna vurdering av studiekvaliteten ved institusjonen, samt ei oversikt over opplegget for og tiltaka i kvalitetsarbeidet. Det er i utdanningsmeldinga at fakulteta
første gong melder inn kva for studieprogram dei ønskjer å opprette eller leggje ned, og her foreslår dei allokering av interne studieplassar for neste år (dimensjonering av studietilbodet). Utdanningsutvalet handsamar utdanningsmeldinga før denne vert lagd fram for Universitetsstyret. Utdanningsmeldinga er eit grunnlagsdokument for langsiktig planlegging av utdanningsverksemda ved universitetet. Utdanningsmeldinga skal munne ut i ei samla vurdering og gje framlegg om tiltak og tema for vidareutvikling komande år. Dette gjev grunnlag for ressursstyring og prioriteringar i komande budsjettår på institutt-, fakultet- og institusjonsnivå.