Korleis skape fred?
Velkomen til frukostmøte om fredsprosessane i Colombia og Etiopia.

Hovedinnhold
«Det er vanskelegare å skape fred enn å gå til krig», sa Colombias president Juan Manuel Santos då han tok imot Nobels fredspris i 2016. Prisen fekk han etter å forhandla fram ein fredsavtale i heimlandet etter ein konflikt som hadde vart i over 50 år.
I 2019 fekk Etiopias statsminister Abiy Ahmed den same prisen for fredsavtalen han forhandla fram med nabolandet Eritrea.
Begge fredsavtalane kom på plass etter langvarige konfliktar. Kvifor tok det so lang tid før partane vart einige? Korleis føregjekk fredsprosessen? Korleis nådde dei tross alt ein avtale til slutt?
Kort tid etter at Ahmed fekk fredsprisen gjekk han til krig i sitt eige land. Etiopia står no midt i ein valdeleg konflikt.
I Colombia har kokainproduksjonen auka sidan 2016 og landet er framleis prega av vald og konflikt.
Oppnådde dei to fredsprisvinnarane eigentleg noko med fredsavtalane? Og kva, om noko, har tildelinga av fredsprisen betydd for fredsarbeidet?
Frukost vert servert i Jekteviksbakken 31. Du kan også delta via Zoom.
Dag Nylander er jurist og diplomat, og var med å tilrettelegge for fredsforhandlingane i Colombia. Han har nyleg gitt ut boka "Ut av jungelen. Om fredsprosessen i Colombia." Han er no direktør for NOREF Senter for internasjonal konfliktløsning.
Lovise Aalen er statsvitar og forskar på CMI. Ho kjenner Etiopia godt og har forska på afrikansk politikk dei siste to tiåra, med særleg fokus på Afrikas horn.
Møteleiar er Leiv Marsteintredet, leiar for Institutt for samanliknande politikk, UiB.