Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Arrangement

Klimavenleg offentleg sektor – korleis riggar vi oss for framtida?

Er ein grøn helsesektor mogleg?

Doctors performing surgery.
Foto/ill.:
National Cancer Institute/Unsplash

Hovedinnhold

Vi har forplikta oss etter Paris-avtala til å halde global oppvarming under 2 grader. For å få til dette må offentleg sektor kutte stort i klimautsleppa. Vanlegvis prioriterer helsevesenet mellom kostnad, effektivitet og tilgang til behandling. Bør klimautslepp bli del av denne vurderinga? Korleis kan beslutningstakarane gjere best mogleg vurderingar?

Anand Bhopal (Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)) er utdanna lege og forskar på skjeringspunktet mellom helseprioriteringar, klimaendringar og avkarbonisering av helsevesenet. I samtale med Simon Øverland (UiB) vil han ta oss gjennom korleis ein stor offentleg sektor kan bli grønare og korleis dei same prinsippa kan brukast på andre felt. Han vil også reflektere rundt korleis balansere mellom aktivisme og forskarrolla.

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Bergen og er gratis og ope for alle.