Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

Marte Nes, markedssjef i Tryg Forsikring

«Så langt i mi karriere har eg drege nytte av evna til å tilegne med ny kunnskap raskt, noko ein trenar opp gjennom studiet».

Hovedinnhold

Hvor jobber du nå?
Eg er markedssjef for kundeservice i Tryg Forsikring.

Hvordan har sampol-utdannelsen din hjulpet deg i å få jobben du har nå?

Eg trur at høgare utdanning spela ei viktig rolle med tanke på at eg har fått leiaransvar i ung alder. Som nyutdanna hadde eg ikkje mykje leiarerfaring å vise til i rekrutteringsprosessen, den akademiske bakgrunnen min gjorde at eg hadde noko anna å spele på. Tryg ønskjer å satse på unge leiarar som kan få ei karriere i selskapet. Å ha høgare utdanning er avgjerande for å klarte vidare i systemet. Akkurat kva fag eg har studert trur eg ikkje spela so stor rolle i mitt tilfelle.

Hvordan opplevde du veien ut i arbeidslivet?
Vegen ut i arbeidslivet var spennande. Eg var i den heldige situasjonen at eg fekk tilbod om to ulike stillingar kort tid etter at eg var ferdig med masteren. Medan vi studerte opplevde eg at få av oss hadde oversikt over kva moglegheiter der faktisk er for statsvitarar, dei fleste av oss såg for oss saksbehandling i det offentlege. Vi fekk også jamleg høyre kor lite attraktive vi var på arbeidsmarknaden. Det var derfor ei positiv overrasking at private bedrifter viste interesse. Det er viktig å legge til at eg jobba deltid i Tryg medan eg studerte, det var ein stor fordel då eg søkte jobb. Då kunne eg søke på interne utlysningar i tillegg til at eg kjende godt til selskapet frå før.


På hvilken måte drar du nytte av det du har lært på sampol i
jobbsammenheng?

Så langt i mi karriere har eg drege nytte av evna til å tilegne med ny kunnskap raskt, noko ein trenar opp gjennom studiet. Det å kunne identifisere samanhengar og sjå eit større bilete er også viktig. Vidare har eg fått bruk for kunnskapen i statistikk og metode. Både direkte i form av medarbeidarundersøkingar og salsrapportering og indirekte når det kjem til å tolke og forstå til dømes årsresultat og rapportar.


Føler du at utdannelsen ved ISP har gitt deg en kompetanse som er
ettertraktet i arbeidsmarkedet?

Eg opplever at folk reagerer positivt når eg fortel om bakgrunnen min. I finans er det mange med økonomiutdanning, så ein skil seg litt ut som statsvitar. Kombinasjonen forsikring og sampol er vel ikkje unik, men heller ikkje heilt ordinær. Masteroppgåva mi omhandla Noreg sitt forhold til EU i eit demokratisk perspektiv. Eg opplever at kunnskap om EU og EØS er ettertrakta. Forsikringsselskapa i Noreg er no til dømes spesielt råka i forbindelse med dei nye Solvency-reglane frå EU.