Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Studiebarometeret 2014

Sampol på topp i studiebarometeret

I studiebarometeret for 2014 får både bachelor- og masterprogramma i samanliknande politikk svært gode tilbakemeldingar frå studentane, med høvesvis 4,3 og 4,4 poeng av 5 mulege.

Bachelorprogrammet i samanliknande politikk kjem ut på topp i Studentbarometeret 2014.

Av fem mulege poeng får masterprogrammet i samanliknande politikk heile 4,3 poeng i gjennomsnittleg tilbakemelding frå studentane når dei blir spurde om å vurdere heilskapen i programmet. På tilsvarande spørsmål får bachelorprogrammet 4,4 poeng. Ingen andre bachelorprogram i statsvitskap eller underdisiplinar av statsvitskap får høgare poengsum enn dette. 

 

Langsiktig innsats for studiekvalitet
- Dette er svært hyggelege tal. Instituttet jobbar kontinuerleg med å gjere studietilboda våre så gode som muleg og det er inspirerande å sjå at denne insatsen ber frukter, seier instituttleiar ved Institutt for samanliknande politikk, Gunnar Grendstad.

 

På Studiebarometeret.no kan du finne resten av svara frå studentane

 

- Vi håpar òg at slike tilbakemeldingar frå våre noverande studentar kan bidra til at vi trekk til oss endå fleire dyktige studentar i åra framover, legg Grendstad til.