Hjem

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi

GJESTESEMINAR PÅ SARSSENTERET

Audrey Dussutour (Université de Toulouse)

Slimsoppar som eksempel på korleis ikkje-neurale organismar kan ta avgjerder og ha læreevner.

Dr Audrey Dussutour
Foto:
Dr Audrey Dussutour

Audrey Dussutour,  IVEP team, University Toulouse

 

-Fram til no har forskinga på læringevne og avgjerdsler vorte utført nestan kun på fleircella organismar. 

Det finst svært få bevis for læringsevne og avgjerdsler hos ikkje-neurale fleircella organismar, og kun nokre rapportar på dette hos eincella organismar.

På dette seminaret, vil eg først diskutere korleis slimsoppar tek avgjerdsler, ved å blant anna vise korleis åtferdavariasjonen kan seie noko om avgjerdspresisjonen til den eincella slimsoppen Physarum polycephalum.
Deretter vil eg demonstrere at tilvenning, ei enkel form for læring, kan observerast i slimsoppar. Eg vil vise at tillært åtferd kan verte overført frå ein slimsopp til ein annan ved hjelp av cellefusjon. Og til slutt vil eg presentere ein potensiell mekanisme for tilvenning hos slimsoppar.

Alle desse resultata tydar på at slimsoppen er eit ideelt modellsystem for å forske på grunnleggjande mekanismar som ligg bak opphavet til kognitive evner.

Vert: Burkhardt Forskningsgruppe

Merk: Seminaret foregår på engelsk.