Hjem
Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi
Folk

Ein ny gruppeleiar på Sars

Kven er han? Lat oss finne det ut..

Tim Lynagh
Foto/ill.:
Sars Centre

Australiaren Tim Lynagh kom til snøkvite Bergen midt i Januar. Korleis enda han opp her?


-Kor tid bestemte du at biologi skulle bli din leveveg? Vart du påverka av ein spesiell person eller ei spesiell hending?

Sannsynlegvis under ei fysikkforelesning ein ein tidleg morgon i 2001, der eg lurte på kva i all verda dette handla om. Eg starta på universitetet med interesse for både fysikk og hjerneforskning... Og raskt bestemte eg meg for å fordjupe meg i det sistnevnte emnet.

Så du kan gjerne seie at fysikkforelesingane leia meg til hjerneforskning. Men mine dyktige veileiarar, Lesley Bryan-Lluka, og min PhD rettleiar, Joe Lynch, greidde på svært ulike måtar å demonstrere for meg kva god forskning handla om. Og mi eiga erfaring er at det viktigaste er motivasjonen som du finn inni deg. 

-Korleis har karriera di vore så langt?

All mi studietid hadde eg ved ein og samme stad i Australia, og då eg skulle finne meg ei postdok stilling, var eg lysten på å flytte langt bort. Underveis skjøna eg at det ikkje var nok med hard jobbing, men at ein også måtte ha ambisjonar og kreativitet. Eg var til tider rådvill, men eg kom sterkt tilbake, med klare mål. Det gode er at hjernen har ubegrensa med kreativitet, og dette tenkjer eg å utnytta i karrieren min! (Ja, og så kjem jo laboratoriearbeidet og artikkellesinga i tillegg, men det treng eg ikkje å nemne!)

-Kva har du som mål å oppnå på Sars senteret? -Og, seinare, kva vil du gjere når du har lukkast?

Tidlegare har eg studert protein i nervesystemet, både på ein biofysisk og biokjemisk måte, korleis dei verkar, korleis dei vert påverka av kjemiske stoff. Eg har nyleg lært at nokon av mine vitenskapelege spørsmål best kan besvarast gjennom å studera evolusjonen. Så no håpar eg å absorbere noko av den banebrytande forskninga som er her på Sars senteret, for å svare på mine eigne spørsmål. Ja, og så håpar eg at mine resultat vidare kan løyse opp i og forklare nokon av evolusjonen sine spennande prosessar!

-Kva er hovudinteressa di i forskning? -Og utanfor forskning?

Eg vert facinert av at menneskleg erfaring og kjensler stammar frå elektrisk spenning over cellemembranen. Ta for eksempel eit membranprotein, ei endring i ei einaste aminosyre her kan vippe nervesystemet heilt av pinnen, entan fysiologisk, eller evolusjonsmessig. Eg er veldig heldig som får lov til å studera dei underliggjande mekanismane.

Eg trur jammen at dette facinerer meg utanfor forskninga også - men, kven går vel ikkje rundt og tenkjer på helsa si, oppfatninga si og bevisstheten sin på ein eller annan måte! Dersom eg må nemne ein anna lidenskap, må det vere musikk. For meg er den gode musikken Kate Bush, David Bowie, Radiohead

-No er din nye heimby Bergen, er det noko spesielt du ynskjer å utforske her? 

Eg ynskjer å finne ut kva som ligg bak alle fjella som eg ser ut glaset på kontoret mitt!

-Kva et du til frukost på søndagsmorgon?

Det samme som til kvardags - rista brød med bønner! På søndagar har eg gjerne ein oppgradert versjon, med basilikum, tomatar og sjampinjong.

-Og, til slutt, kva er favorittdyret ditt??

Papegøyer er kule - dei har alltid eit smil om munnen, spesielt typen corella og cockatoo.