Buhaugane 2007
Filefjell, Lærdal k., Sogn og Fjordane
Hovedinnhold
I juli-september 2007 blei det gjennomført utgravinger på Buhaugane i Lærdal kommune, i samband med at det skulle lagast til hyttefelt i dette området. Dalføret her vert kalla Smeddalen, truleg på grunn av den store jarnproduksjon her, og to jarnvinneanlegg blei gravd ut her i samband med denne undersøkinga.
Jarnproduksjonen her har føregått i små omnar, der malm frå myrene i nærleiken har blitt varma opp. Avfallsstoffa smelta, og blei tappa vekk, medan jarnet vart fiska opp og smidd til reidskap, våpen og liknande. For å få omnen varm nok, var det naudsynt å fyrst brenne veden til kol, noko som blei gjort i eigne kolgroper. I alt blei det undersøkt om lag 15 slike groper sommaren 2007.
Dei to jarnvinneanlegga var noko forskjellige i utforming og storleik, sjølv om dei truleg har vore i drift nokolunde samstundes. På det eine anlegget var det kun ein omn, medsan det andre hadde fleire omnar og slagghaugar.
3. Fjerning av torv frå slagghaugen med spade
4. Omn for jarnproduksjon gravd fram.
5. Den same omnen snitta. I botn ligg ei steinhelle, så omnen skal stå støtt.
6. Eit av jarnvinneanlegga etter at torv og røtter er fjerna.
7. Det same jarnvinneanlegget vist i bilde 6 med strukturane avmerka: slagghaugane ytterst til venstre og høgre - to omnar og eit malmlag imellom slagghaugane - grop med leire/silt til konstruksjon av omnane like bak malmlag (gras ikkje fjerna frå gropa) - og røsteplass for malm bakerst. Kollager er utanfor bildeflate (framme til venstre).
8. Det same jarnvinneanlegget vist i bilde 6 og 7, planteikning.
9. Ei kolgrop er her snitta. Den opprinnelege markoverflata er synleg som eit lag med kvit grus.
10. Utgraving av omnar i tett skodde.
11. Rensing av eit av jarnvinneanlegga.
12. Graving av sjakt gjennom ei av kolgropene.
Kontakt oss:
tlf. 55 58 29 46
post@sfyk.uib.no











