Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Masterstafetten 2017

Tverrfagleg seminar om kjønn og seksualitet

Siste måndag i mars 2017 inviterte SKOK masterstudentar ved UiB til eit heildagsseminar der studentane fekk leggje fram og drøfte korleis dei kan styrke kjønnsperspektivet i sine oppgåver.

Studenter ved UiB og tilsette ved SKOK samla til masterstaffetten 2017.
Studenter ved UiB og tilsette ved SKOK samla til masterstafetten i 2017.
Foto/ill.:
Tomas Salem

Hovedinnhold

SKOK sin masterstafett er eit årleg arrangement for alle studenter ved UiB som skriv om kjønn i sine masteroppgåver, uavhengig av fagleg bakgrunn. Nett slik som dei tilsette ved SKOK kjem frå ulike fagfelt og disiplinar, var det også stor bredde i bakgrunnen til studentane som deltok på stafetten i år. Studentar frå litteraturvitskap, engelsk, sosialantropologi, utviklingsgeografi, lingvistikk, historie og psykologi la fram sitt arbeid, gav kvarandre tilbakemelding, og kom med innspel i samtalene rundt prosjekta som blei presentert. Det tematiske spennet var stort, og opna for fruktbare og somme tider overraskande samanlikningar på tvers av fagfelt - som då eit masteroppgåve i engelsk om Frankenstein sitt monster vart eit inntak til å forstå den historiske medisinske behandlinga av transkjønna i Noreg: begge oppgåvene peika på korleis grenseoverskridande praksisar knytta til kjønn ofte blir presentert som noko skremmande og farleg.

Andre oppgåver som vart lagt fram hadde andre tematiske fokus, slik som framstillinga av maskulinitet og femininitet i tysk kolonial og post-kolonial litteratur, kjønnsrollemønster i ghanesisk jordbruk, kvinner sin underrepresentasjon i høgare vitskapelege stillingar, og kjønnskilnader i akademisk skrivestil. Spriket i tematikk viser mangfaldet som finnes innan kjønnsforskning, og at kjønn kan nyttast som ein analytisk dimensjon i svært mange ulike fagtradisjonar og disiplinar.

Blant studentane som var med på stafetten er Maria Ulvesæter. Ho tek masteren sin ved Sosialantropologisk institutt, og var med på stafetten for andre år på rad. Maria har vært på feltarbeid i Accra, Ghana. Der såg ho på bruk av sosiale medier blant unge menn. Ho var usikker på om ho kunne ha eit kjønnsperspektiv i oppgava si - nesten alle informantane hennas var jo menn! På seminaret i fjor fekk Maria tips om å fokusere på maskulinitet, eit perspektiv som ho har arbeidd vidare med, og la fram sine tanker omkring på masterstafetten i år. Fokuset er spissa, og Maria ynskjer å sjå på korleis menn konstruerer ein maskulin identitet gjennom tekst, men først og fremst bilder, i sosiale medier.

– Masterstafetten gav meg ei breiare forståing for mangfaldet som finnes innan kjønnsforskning, seier Maria. Ho syntes det var svært lærerikt å sjå korleis studentar frå andre fagfelt arbeider med kjønn, og hevdar at det gav henne nye ideer og perspektiv å arbeide videre med. – Eg kunne ikkje så mykje om kjønn før eg deltok på stafetten, så det var kjekt å sjå kva dei gjer på SKOK. Ho anbefaler studenter ved UiB å delta, og tok sjølv med seg ei vennine på årets stafett.