Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Stafett for masterstudenter

Masterstafett 2019 på SKOK

Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) ved UiB heldt kvart vårsemester ein masterstafett for masterstudentar som skriv oppgåver med tematikk som på ein eller annan måte, empirisk eller teoretisk, omhandlar kjønn. Masterstudentar frå alle fagområde og fakultete er velkommne til å delta.

Stafett
Photo:
colourbox

Innhold

Skriv du master ved UiB og arbeider teoretisk eller tematisk med kjønn? Bli med på masterstaffett! Her møtes studentar og fagfolk på tvers av fakultet og institutt for å fortelle om prosjekta sine og gi innspel til kvarandre. Senter for kvinne- og kjønnsforsking gjentek tradisjonen med eit staffettseminar for masterstudentar frå heile UiB. Tidlegare har staffeten husa studentar innan biologi, pedagogikk, litteraturvitskp og geografi, for å nemne noko.

Tanken bak masterstafetten er å skapa ein møteplass for studentar og kjønnsforskarar på tvers av fagdisiplinar. Deltakarane får moglegheit til å knytta nyttige kontaktar og få innspel frå andre fagpersonar enn vegleiar. I tillegg kan det vera inspirerande å høyre om kva andre studentar arbeider med. Masterstafetten er eit heildagsseminar der kvar deltakar får 15 minuttar til å legge fram sine prosjekt. Deretter brukar vi 15 minuttar på diskusjon av innlegget.  I førkant av seminaret ber vi alle deltakarar om å sende inn omlag 1/2 side samandrag eller omtale av prosjektet til sigrid.sandal@student.uib.no. Fristen for dette er den same som for påmelding, 1. mars 2019.

 

Vi serverar lunsj og gler oss til eit spanande seminar.