Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Bachelorstafett ved SKOK

Vil du skrive bacheloroppgåve med kjønnsperspektiv?

Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) ved UiB arrangerer bachelorstafett for studentar som skriv oppgåve med kjønnsperspektiv. Bachelorstudenter frå alle fagområde og fakultet er velkomne til å delta.

Kawahara- Wiliams
Foto/ill.:
colorbox

Bachelorstafetten er eit heildagsseminar der kvar deltakar presenterer kort temaet sitt og så diskuterer ein i plenum. I diskusjonen snakkar ein om ulike måtar å løyse oppgåva på, relevant litteratur og relevante teoretiske perspektiv som oppgåva kan dra nytte av. Målet med stafetten er at ein blir inspirert til å skrive vidare med kjønnsperspektiv og får konstruktive innspel til korleis ein kan styrke det kjønnsteoretiske prespektivet sitt.

Tanken bak bachelorstafetten er å skape ein møteplass for studentar og kjønnsforskarar på tvers av fagdisiplinar. Deltakarane får moglegheit til å knytte nyttige kontaktar med kvarandre og få innspel frå andre fagpersonar enn rettleiar. I tillegg kan det vere inspirerande å høyre om kva andre studentar arbeider med.

Kjønnsstudiar som fag er eit tverrfagleg felt og vi ynskjer velkommen studentar frå alle fag, institutt og fakultet. Om du er interessert i å skrive bacheloroppgåve om eller med eit blikk på kjønn, er bachelorstaffeten ein fin stad å bli inspirert og finne fram til spanande perspektiv for oppgåva di.

 

Vi serverer lunch!