Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Sluttseminar

Sluttseminar: Kari Anne Drangsland

Kari-Anne Drangsland har sitt sluttseminar i samband med si kommande doktorgradsavhandling.

Trees in a park
Kari Anne Drangsland gjorde feltarbeid i Hamburgh hausten 2017. Då fulgte ho irregulære migrantar som har fått liva sine sett på vent.
Foto/ill.:
Kari Anne Drangsland

Hovedinnhold

Arbeidstittelen til doktorgradsavhandlinga er "The temporalities of irregular migration in Hamburg." PhD-en hennar er ein del av WAIT-prosjektet, som tek utgangspunkt i teoriar om tid og omgrepet "waitinghood" som reiskap for å produsere ny og kritisk kunnskap om dei kulturelle føresetnadane for, og implikasjonane av, migrasjon i vår tid. Waitinghood, som kan omsettast med "venten" på norsk, handlar om den tilstanden av langvarig venting, usikkerheit og midlertidigheit som kjenneteiknar irregulær migrasjon.

Prosjektet undersøker korleis lovverk, kulturelle normer og maktforhold strukturerar tid på bestemte måtar, og korleis desse strukturane verkar på subjektive erfaringar og livsprosjekt. Prosjektet fokuserar på fire europeiske byar – Oslo (Noreg), Stockholm (Sverige), Marseille (Frankrike) og Hamburg (Tyskland).

I eit intervju seier Drangsland det følgande om arbeidet sitt:

Muligheten til å jobbe mer presist og direkte med tid, temporalitet og venting fra et feministisk perspektiv har vært veldig interessant. Jeg har arbeidet med migrasjon og grenser både som konsulent og foreleser i noen år, og jeg er veldig glad for at jeg kan jobbe med samme tematikk i et akademisk langtidsprosjekt.

Nyleg fekk Drangsland ein artikkel relatert til prosjektet i det anerkjende tidsskriftet Time and Society. Artikkelen, "Waiting as a redemptive state: The ‘Lampedusa in Hamburg’ and the offer from the Hamburg government" undersøker tilhøvet mellom samtidig smerte og framtidig godtgjersle,  og om korleis desse forhalda vert diskutert og heng saman i innvandringspolitikk og humanitært arbeid i Hamburg. Kan det endelege målet om opphaldsløyve vege opp for den smerta og traumet det er å vente, og å vente så lenge?

Drangsland sine rettleiarar er Christine Jacobsen (professor i antropologi og senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved UiB), Helge Jordheim (professor i kulturhistorie og museologi ved UiO) og Håvard Haarstad (professor in geografi ved UiB).

Seminaret er kun for inviterte.

Tilknyttet innhold