AVLYST - The global pink line and culture war
Mark Gevisser, forfattar av The Pink Line: Journeys Across the World's Queer Frontiers, les frå boka si og deltek i ein panelsamtale med SKOK, SAIH, FRI og Skeiv verden.

Hovedinnhold
-> Arrangementet er avlyst grunna sjukdom. Det vil bli mogleg å høyre Gevisser sitt hovudinnlegg digitalt på Christiekonferansen 26. april og møte organisasjonane frå det planlagte panelet vårt der i staden. <-
I si viktige bok The Pink Line: Journeys Across the World’s Queer Frontiers kartlegg den sør-afrikanske journalisten Mark Gevisser korleis ulike krefter over heile kloden freistar å motverke framskritt innanfor seksualitet og kjønnsidentitet.
På Litteraturhuset i Bergen i kveld kjem Gevisser til å lese frå boka si og deretter delta i ein panelsamtale om den globale "rosa linja" og kulturkrig. Paneldiskusjonen kjem til å gå føre seg på engelsk. Arrangementet kjem også til å bli strøyma frå Litteraturhuset sin YouTube-kanal.
Dei andre paneldeltakarane er:
- Erwin Rapiz Navarro, dagleg leiar i Skeiv Verden Vestland
- Marna Eide, leiar, Internasjonal Avdeling i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold
- Stian Amadeus Antonsen, politisk rådgjevar i Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH)
Randi Gressgård, professor i samfunnsvitskapleg kjønnsforsking ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), UiB leier samtalen.
Den "rosa linja" går mellom dei delene av verda som aksepterer og til og med er stolte over kjønns- og seksualitetsmangfald, og dei som slår ned på LHBTQI+-rettar- og fridomar på grunnlag av det dei ser på som familieverdiar og moralsk orden.
Den rosa linja er ikkje berre geopolitisk men går også gjennom land, polariserer politikk og bruker skeive identitetar som våpen. Eit tydeleg døme er debatten som rasar for tida: om barn som identifiserer seg som trans skal få lov til å bruke toalett som samsvarar med deira kjønnsidentitet.
Gevisser set spørjeteikn ved den utbreidde trua på ei "ved enden av regnbogen-lykkeleg slutt" for LHBTQI+-rettar i vår tid, og peikar også på moglege vegar ut av den nye, globale kulturkrigen.
Arrangementet er eit samarbeid i regi av SKOK, SAIH og Litteraturhuset i Bergen, og er gratis. Møt opp på Litteraturhuset 27. april kl. 19 eller følg det på nett!
Har du lyst til å lese og diskutere The Pink Line saman med andre i forkant av denne samtalen? Meld deg på Litteraturhuset sin lesesirkel Bergen International Book Club, der boka skal diskuterast 7. april. SKOK sin senterleiar, Kari Jegerstedt, leier lesesirkelen. Boka kan kjøpast i Boksalongen på Litteraturhuset.
Mark Gevisser deltek også som hovudtalar under Christiekonferansen 2022, som finn stad 26. april.