Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Satsingsområde

Kjønn og humanistisk medisin

Kjønn og humanistisk medisin er eitt av SKOK sine satsingsområde.

Anatomisk dokke
Kjønn og humanistisk medisin er et av satsingsområdene for forsking ved SKOK.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift/UiB

Humanistisk medisin er eit tverrfagleg forskingsfelt der metodar og perspektiv frå humaniora, samfunnsvitskap og kunst blir brukt innan medisinsk utdanning, etikk og praksis. Eit slikt tverrfagleg samarbeid kan spele ei nøkkelrolle i analysar av medisinen sin rolle i samfunnet, av medisinsk etikk og av tilhøvet mellom medisin og en breiare forståing av helse, sjukdom, velvære og rettferd.

Forskarar ved SKOK er særleg interessert i felt innan humanistisk medisin som er relatert til kjønn, seksualitet, bioteknologi, psykologi, migrasjon og spørsmål om rettferdighet og ansvar.

Arv vs. miljø og hjerne vs. tanke

Postdoktor Claus Halberg tek til dømes eit vitskapsfilosofisk og -kritisk blikk på forståinga av kjønn og kjønnsforskjellar i lys av to distinkte, men relaterte problematikkar: Arv vs. miljø-problematikken innanfor biologien sin filosofi, og hjerne vs. tanke-problematikken innanfor sinnsfilosofien. Her ser han blant anna på det filosofiske grunnlaget for forsøk på å påvise og forklare kjønnsforskjellar i kognisjon, emosjon og åtferd gjennom vokabularet til evolusjonsbiologi, genetikk, nevrobiologi og kognitiv psykologi.

Prosjektet hans, FEMSAG, tek spesielt opp pågåande forsøk innanfor feministisk vitskapskritikk på å adressere skjeivheitar og blindflekkar innanfor aktuell forsking på kjønnsforskjellar i hjerne og atferd. Ein viktig ledetråd som går gjennom alle prosjektet sine deltema er ein ambisjon om å forsone feministiske grunntankar om kjønn, som tradisjonelt har hatt ein front mot biologiske forklaringar av kjønnstypisk atferd, med naturalistiske grunntankar om mennesket sin status som biologisk art.

Nevrologiske tilstandar og kjønn

Stipendiat Emily Violet Maddox skriv doktorgrad om nevrologiske tilstandar og deira forhold til kjønn. Hovudfokuset er på autisme, men ho er også interessert i ADHD og liknande lidingar, samt dyspraksi og dysleksi. Ho er interessert i desse tilstandane på grunn av deira utvikling frå å vere lite kjende eller "sjeldne" til å bli meir vanlege diagnosar.

Alle dei ovannemnde tilstandane har først og fremst vore assosierte med menneske som har blitt tildelt mannleg kjønn ved fødsel. Med tanke på kven som blir diagnostiserte med desse tilstandane, så viser innsamla data eit betydeleg misforhold mellom menneske tildelt mannleg kjønn og menneske tildelt kvinneleg kjønn ved fødsel.

I kulturelle representasjonar og allmenn diskurs er det også ei overvekt av framstillingar av cis-kjønna guttar og menn sitt forhold til og erfaringar med desse tilstandane. Dette har stor påverknad på liva til menneske som har blitt tildelt kvinneleg kjønn ved fødsel, både når det gjeld psykisk helse, arbeid, utdanning og generell trivsel.

Les meir om prosjektet til Emily her.

Det nordiske nettverket Kjønn, kropp og helse

Som ein del av satsinga på kjønn og humanistisk medisin har SKOK vore vertskap for det nordiske nettverket Kjønn, kropp og helse, og i 2016 arrangerte dei saman konferansen Disabilities, Arts and Health. I skrivande stund (2020) er Institutionen för etnologi, religionshistoria och genusvetenskap ved Stockholms Universitet vertskap for nettverket.