Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Nyhet

SKOK tilbyr emne om likestilling og mangfald

Hausten 2015 tilbydde SKOK for første gong emnet KVIK102 Likestilling og mangfald.

Homofilt par
Likestilling for seksuelle minoritetar er eit av temaa som det nye emnet tek for seg.
Foto/ill.:
Colorbox

Hovedinnhold

26 juni vedtok amerikansk høgsterett at homofile og lesbiske par i heile USA har same rett som alle andre til å gifte seg. I Noreg foreslo Paulsrud-utvalget omtrent samtidig å gjere det enklare for transpersonar å skifte juridisk kjønn. Debatten gjekk også høglytt etter Trygdekontorets porno-parodiering av Kari Jaquesson, og med emneknaggen #jegharopplevd twitra norske kvinner om erfaringar med seksuell trakassering. I regi av FN-kampanjen He-for-She stilte kjendisar og politikarar opp for å få menn involvert i kampen for likestilling mellom kjønna. Desse og andre saker frå nyhetsbiletet i vår viser at likestilling og mangfald i aller høgste grad er aktuelle tema. Det nye emnet Likestilling og mangfald gir deg et faglig grunnlag for ei kritisk forståing av desse temaa og debattane rundt dei.

Emnet gir ei innføring i sentrale omgrep og debattar innan likestillingsfeltet, med vekt på tilhøvet mellom likestilling og mangfald. Det gir og ei brei innføring i likestillingas historie. Dagens likestillingsdebatt og  norsk lovgjeving tek utgangspunkt i det  utvida likestillingsomgrepet. Dette peiker på ei rekkje ulike diskrimineringsgrunnlag som kjønn, etnisitet, nasjonal opprinnelse, seksuell orientering, klasse,  språk, religion og livssyn, funksjonsevne og  alder. Emnet tek sikte på å lære studentane å analysere tilhøvet mellom desse kategoriane frå forskjellege teoretiske perspektiv, samt å øva dei i å identifisere dei praktiske og teoretiske utfordringane som fylgjer av samspelet  mellom dei ulike diskrimineringsgrunnlaga.

Det vil bli lagt særskilt vekt på dei historiske, strukturelle og ideologiske føremona for endringar i forståinga av likestilling og i korleis likestilling vert handsama  i praksis. Førestillinga om likestilling vil og bli drøfta i forhold til andre verdiar, som menneskerettar, demokrati, fridom og forskjell. Undervisninga tek utgangspunkt i norsk lovgjevnad  og praktiske døme. Desse vil bli undersøkt kritisk og i eit historisk og globalt perspektiv

Les emneskildringa her.