Hjem

Skolelaboratoriet i realfag

For naturfaglærere på 8.-11-trinn

Naturfag 1 vidareutdanning 2018-2019

Naturfag 1 har seks samlingar gjennom året. Kurset er praksisnært, og hentar fagkompetanse frå institutta ved Universitetet i Bergen. Du arbeider saman med kollegaer om å utvikle naturfagundervisninga. På denne sida får du oversyn over dato, tema og omfang av samlingane, og du får orientering om pensum og arbeidskrav. Velkomen til engasjerande vidareutdanning!

img_3172.jpg

Hydrogencelle
Foto:
Skolelaboratoriet i realfag

Fagleg og didaktisk innhald

I haustsemesteret møter du emna biologisk mangfald, teknologiundervisning, og kjemi. På den første samlinga er vi ein heil dag ute, på ekskursjon til Arboretet og botanisk hage. Denne samlinga har òg ein ekstra dag, som vi brukar til å få ein god start på studieåret. På teknologisamlinga ser vi på anvendt teknologi i samfunnet, vi har øvingar med både mekanikk, koding og elektronikk . Kjemisamlinga handlar mykje om karbon og organisk kjemi, og leier oss over til klimaspørsmålet. 

Frå første dag kjem du med i ei gruppe med kollegaer. Saman utviklar de god naturfagundervisning til bruk i eigen praksis, og til deling i skuleverket. Du arbeider med tema du har på dei eiga årsplan, og får diskutere fag, metode og erfaring. Artiklar de skriv som oppgåvesvar på kurset, blir lagt ut på fildelingssystemet vårt. 

Våsrsemesteret tar til med dei heilt store sakene - utviklinga av universet, livet på jorda, evolusjon og vitskap. Neste samling har fysikk som hovudtema. Vi arbeider med mekanikk, og ser på anvendt fysikk i samfunnet. Folkehelse og livsmeistring er tema for siste samling på Naturfag 1.

Vidareutdanningskurset går parallelt med Naturfag 2.

Organisering, eksamen og pensum

Naturfag 1 er delt i to modular, haust og vår. Til saman gir modulane 30 studiepoeng. Kvart semester blir avslutta med eksamen. Pensum og tilrådd litteratur finn du her.

Årsplan

Alle samlingane er lagt på like ukedagar, onsdag og torsdag. Den første samlinga har ein ekstra dag i tillegg. For å gjere det enklare å planlegge studieåret, er alle datoar lagt ut her. Meir detaljert informasjon om kvar einskild samling finn du i lenkene i tabellen, og nedst på sida.

Ytre ramme for samlingane vil til vanleg vere start onsdag klokka 9, og avslutning torsdag 15.30. 

Eksamen er munnleg gruppeeksamen med individuell vurdering bestått/ikkje bestått.

Dato og tema for alle samlingane: 

28.- 30. august 2018Biologisk mangfald. Om studiet
03. - 04. oktober 2018Teknologiundervisning
14. - 15.november 2018Kjemi. Karbon. Klima
16. - 17.januar 2019Evolusjon, art, arv og utvikling
06. - 07.mars 2019Fysikk og didaktikk
08. - 09.mai 2019Folkehelse og livsmestring

 

Eksamen

12. - 13. desember 2018Munnleg eksamen
05. - 06. juni 2019Munnleg eksamen

Å vere deltakar på kurset

Kurset er knytt til eigen praksis, og til naturfagundervisninga i skulen. Du er med på å legge til rette for, og prøve ut, dybdelæring og aktivitet. Saman med andre skriv du artiklar som blir lagt ut til deling. Meir om kva som blir forventa av deg som deltakar, finn på denne nettsida.