Natursekkskular på Vestlandet 2018/2019
15 skular frå Vestlandet er med i Den naturlige skolesekken dette skuleåret.

På Skolelaboratoriet i realfag ved UiB finn du regionkontaktane for Vestlandet, Cathrine Solberg og Olaug Vetti Kvam. Me tykkjer alltid det er kjekt å høyre korleis det går med prosjekta, så slå gjerne på tråden eller send oss ein e-post når som helst!
Me møtes alle saman på samlinga 27.-28. september. Då får me to dagar med mykje fokus på å hente erfaringar frå kvarandre. Det er flott om de kjem to frå kvar skule, gjerne fleire om de får det til.
Det kan også vere greit å notere seg dato for den nasjonale konferansen, fredag 8. februar. Og så blir det samling på Vestlandet igjen først halvdelen av april.
Oversikt over skular på Vestlandet som deltek i Den naturlige skolesekken skuleåret 2018/2019
Fylke | Kommune | Skule | Kontaktperson | Prosjekt |
Hordaland | Austevoll | Storebø skule | Vibecke Storebø | Havet som næring og nabo |
Hordaland | Bergen | Skranevatnet skole | Nina Østvik Ingram | Fra hage til mage. |
Hordaland | Bergen | Søråshøgda skole | Knut Eri Bjelland | Søråshøgda –en grønnere skole. |
Hordaland | Bømlo | Rubbestadneset skule | Åse Rønningen | Mikroplast - kunnskap, konsekvens og tiltak |
Hordaland | Kvinnherad | Malmanger skule | Annbjørg Fossberg | Frå Fjord til Bord |
Hordaland | Sund | Skogsvåg skule | Lena Merethe Fjeldstad | Fugl eller fisk; Korleis kan vi knyte det daglege arbeidet vårt til berekraftig utvikling? |
Rogaland | Eigersund | Husabø skole | Ruth Evy Berglyd | Bzzzz, redd biene! |
Rogaland | Haugesund | Hauge skole | Synnøve Brekke | Lothelabben - en tverrfaglig arena for dybdelæring og dannelse |
Rogaland | Haugesund | Solvang skole | Pål Mikal Johannessen | Hva slags forvaltning og skjøtsel kan ha positiv innvirkning på biologisk mangfold, opplevelse og bruk av friluftsområder i skolens nærmiljø? |
Rogaland | Karmøy | Kvalavåg montessoriskole AS | Siv Anett Sande | Vårt søppel - en ressurs |
Rogaland | Sandnes | Øygard ungdomsskole | Nina Hetland | Hageprosjekt - fra brakkmark til bærekraft |
Sogn og Fjordane | Bremanger | Ålfoten oppvekstsenter skule | Eldbjørg Aske Myklebust | Neset - eit klasserom ute i naturen. |
Sogn og Fjordane | Flora | Torvmyrane skule | Sissel Bergkvam Østrem | Bør vi dyrke poteter i Norge? |
Sogn og Fjordane | Luster | Luster oppvekstsenter avd skule | Eli M Hansen Moen | Gamalt nytt, del 3 |
Sogn og Fjordane | Vik | Flatbygdi skule | Anne Mårdalen | Etablering av samarbeid med skulegard om skulehage og andre pedagogiske aktivitetar knytt til gardsdrift |
Oppdatert informasjon og mange gode ressursar finn du på nettsidene til Natursekken: www.natursekken.no