Hjem
Skolelaboratoriet i realfag
Utforskende feltarbeid

Undervisning med artskort

Miljolare.no er en database for registrering av elevenes observasjoner i naturen. På nettsiden kan du generere artskort, som gir utvidete muligheter for ekskursjonen, oppdrag ved skolen, eller feltarbeidet i naturfagtimen. På denne siden finner du forslag til aktiviteter.

tar foto av plante
Med artskort kan eleven finne fram til fremmede arter, et utvalg planter, eller en utforskende oppgave i felten
Foto/ill.:
Skolelaboratoriet

Feltarbeid med oppdrag

Artskort basert på din stad: Kva er funne her tidlegare, kva veit du og elevane om kva som veks her? Det kan bli eit slikt utval: 

Bynært uteareal: Høymole. Hundegras. Platanlønn. Groblad. Tiriltunge. Hundekjeks. Fuglevikke. Storkenebb. Rogn. (Kjøttmeis, bokfink, svarttrost, gråtrost, grønnspett, stokkand, fiskemåse. Skogsnegl, kjølsnegl, hagesnegl, skogsmaur, snutebiller, kartlav, bjørnemose, torvmose)

Skogsområde: Furu. Blåbær. Mjuk og stri kråkefot. Kvitsymre. Mjølbær. Krekling. Røsslyng. Bjørk. 

Fjæra: Rur, sauetang, grisetang, sagtang, hjerteskjel, blåskjel, pollpryd, strandkrabbe, hesteaktinie

 

Artskort basert på grupper: Skal elevane lære om norske tre? Eller framande artar?

Norske tre: Ask, eik, bjørk, rogn, asal, selje, osp, furu, gran.

Framande artar (svarteliste):Rynkerose, kjempebjørnekjeks, bulkemispel, legepestrot, parkslirekne, platanlønn, russekål, sitkagran, kjempespringrø.

 

Arbeidsmåtar i feltarbeid med artskort: 

Finne arten. Ta bilete av individ, forekomst og veksemiljø, gjerne med artskortet med i biletet. 

Følge løype bestemt av lærer, eller leite fritt etter artane på korta. Finne eit eksemplar av kvar, eller kartlegge forekomsten i eit gitt område. 

Dokumentere ekstra med tekst eller film (ein elev viser og forklarar, den andre filmar). 

Beskrive nøyare: forekomst i tal eller etter skala; dominerande,vanleg, sjeldan. Måle. Bestemme veksemiljø, skugge-solrikt-tørt-vått-utsett for beiting,tråkk. Retning (kompass). Sted, på kart eller gps-koordinat (følger foto). 

Ruteprøve; 5X5 meter rute på to ulike stader (mot nord/mot sør, vått/tørt). Kva finst her og kva finst der? 

Gruppere korta. Kanhende vil elevane finne blå, kvite og gule blomster? Eller alle som er mindre enn 10 cm.høge? Eller alle som er utan blomst, dei med mjuk stengel eller dei med vedaktig stamme? 

 

La elevane velge ut og avgjere oppdraget

Grupper av elevar kan utforme eigen spørsmål til nærare undersøking, og lage/bestille artskort ut frå kva dei forvantar å finne.

Eksempel: 

Kva for buskar og tre er det eigentleg som utgjer krattskogen? Korleis er mengdefordelinga mellom dei? Kva blomsterplanter er det å gle seg over langs turløyopa, om folk berre vil stoppe opp og bøye seg ned litt?

Lage løype til andre trinn: Elevane søker i terrenget, bestemmer vanlege artar og lagar til artskort for ei anna klasse som skal ut og finne, eventuelt med eit oppdrag. 

 

Produkt etter undersøking: 

Registrering på miljolare.no

Utstilling: plantemateriale, foto, tekst, artskort. ebventuelt montert på kart. 

Tekst - skrive til skulens naturkatalog, opplysingsskilt ute i turområdet. Intervju med ein art (sjå under). 

Forklare for kvarandre, vandrande klasseseminar eller visning med lysbilete inne etter feltarbeidet. 

Nye spørsmål. elevane arbeider først åleine, så saman to og to, og til sist med tankekart på tavla; kva vil vi undersøke nærare? 

Skolens naturfilm; frå kort til langt: vise korta først, så ekte artar i naturen ved skulen.

 

5 spørsmål til planten. Idear til spørsmål:

-Kvifor ha du kvit blome?

-Kvifor veks du akkurat her? 

-Ser blada dine alltid slik ut?

-Kva tid på året likar du best?

-Er du jente eller gut?

-Korleis får du barn?
-Er det noko system i korleis blada dine er plasserte?

-Kva lever du av?

-Kva skjer når du visnar?

-Kven er fiendane dine? Og venene dine?

 

Arstkort basert på forekomst. Statistikk

  • Sjå på tidlegare funn, og elevane sin kjennskap til staden. Del korta i tre:
  • Artar vi reknar med å finne
  • Artar vi kanskje finn 
  • Artar vi kan vere heldige å finne 
  • Strek på kortet for kvart funn. Statistikk i klasserommet/på nettet:

 

Bearbeide data, setje opp i diagram, diskutere resultata:

Kvifor er det så mykje mindre brake i Lambhusbrekka? Kvifor fann vi ikkje Marihand?

 

Artskort som førebuing og støtte under Den store ekskursjonen

Klassen skal til Mjølfjell, Finse ,Herdla eller på Fløyfjellet. Sjå på miljølære kva som er registrert på staden tidlegare, og lag eit utval artskort. Bli kjend med flora og fauna på førehand, og ha ditt eige knippe med kort med på feltarbeidet. 

Finse: https://www.miljolare.no/resultater/omrade/?o_id=26426

Mjølfjell: https://www.miljolare.no/resultater/omrade/?o_id=56224

Herdla: https://www.miljolare.no/resultater/omrade/?o_id=11543

Fløyen: https://www.miljolare.no/resultater/omrade/?o_id=26565