Hjem
Sosiologisk institutt

Ny bok. Sandberg og Pedersen: Street capital. Black cannabis dealers in a white welfare state

Sveinung Sandberg, stipendiat ved Sosiologisk institutt, er medforfatter på ei bok om unge svarte menn som sel cannabis i Oslo. Sandberg og Willy Pedersen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, baserer boka på feltarbeid og gjentatte intervju med dopselgarar i alderen 15 til 30.

Hovedinnhold

"Street Capital" handlar om verda til unge svarte menn som sel kannabis i eit narkostrøk i Oslo. Liva til desse unge menna er strukturert av ein stor og kompleks kannabisøkonomi og dei er involverte i slåsskampar, ran og rusmiddelmisbruk. Dei manglar arbeid og utdanning, mange av dei har verken familie eller nære venner, men dei har "gatekapital": kunnskapen, ferdigheitene og kompetansen som trengs for å meistra livet på gatene. Denne unike boka er sentrert om dette konseptet om gatekapital, og presenterer eit nytt teoretisk rammeverk for å forstå gatekulturar - inspirert av, men også vidareutviklande i høve til arbeidet til den franske sosiologen Pierre Bourdieu.

Les om og kjøp boka på Policy Press sine nettsider