Hjem
Sosiologisk institutt

Ny bok: Ann Nilsen m.fl "Work, families and organisations in transition"

Professor ved Sosiologisk institutt, Ann Nilsen, er ein av redaktørane av den nye boka ” Work, families and organisations in transition: European perspectives

Balanseringa av arbeid og familieliv er ei utfordring i dagens verden. Mange arbeidande mødre og fedre strevar med dette. Grådige organisasjonar og arbeidsplassar krev maksimalt utbytte frå arbeidstakarane sine. Samfunnet har stadig større forventningar til foreldre. "Work, families and organisations in transition: European perspectives" er basert på ein komparativ studie av organisasjonar og arbeidande foreldre som vart utført i sju europeiske land, både frå nord- og sør-europa, aust og vest. Med utgangspunkt i likearta typar av arbeidsplassar i dei ulike landa - finanssektor og offentleg verksemd - blei denne EU-finansierte undersøkinga utført i ei tid der effektivitetsjaget dominerte offentleg sektor, mens kortsiktig profitt var den drivande krafta i finanssektoren.

Boka antyder at det er aukande konvergens mellom offentleg og privat sektor når det gjeld presset dei utøver på arbeidande foreldre og familieliv. Intensivering av arbeidet og konstant endring innan organisasjonane ein arbeider i fører til auka uvisse, og mange foreldre tør ikkje spørra om endring av arbeidstid eller mogelegheiter for fri av di dei fryktar å bli ansett som ikkje å gjera sin del av jobben

I tillegg til at Ann Nilsen er ein av tre redaktørar, er ho medforfatter på fem av kapitla i boka. Julia Brannen, professor II ved Sosiologisk institutt, er også redaktør og bidragsyter, medan både Sevil Sümer og Lise Granlund frå instituttet er medforfattarar på eit kapittel.

 

Les meir om (og kjøp gjerne) boka hos Policy Press