Hjem
Sosiologisk institutt

Ny bok. Alf Nilsen: Dispossession and Resistance in India. The River and the Rage

Postdoktor ved Sosiologisk institutt, Alf Gunvald Nilsen har publisert ei bok om sosiale bevegelsar knytte til kontroversar om kraftutbygging i India.

Hovedinnhold

Boka tar for seg kontroversar knytte til utviklingsaspekt ved dambygging i forbindelse med store kraftutbyggingar, med spesielt fokus på Narmadadal-prosjektet i India. Basert på omfattande feltarbeid og undersøkingar nyttar forfattaren seg av marxistisk teori for å laga ein detaljert analyse av korleis lokale krav om erstatningar og nye buområde vart omdanna til ein radikal anti-dam kampanje knytta til nasjonale og transnasjonale nettverk.

 

Boka har også eigne nettsider, der ein kan lesa bakgrunnstoff om prosjektet, få tilgang til artiklar frå forfattaren og diskutera boka dersom ein ønsker. Sjå nettsida for "The River and the Rage"

Les meir om boka hos Routledge

Bestill boka på Amazon