Hjem
Sosiologisk institutt

Flyktningkoordinator i kommunen

Erlend har mastergrad i sosiologi, og arbeider no som flyktningkoordinator i Ørsta kommune. - Eg har alltid vore interessert i historie og samfunnet, så det var naturleg å studere samfunnsvitskap.

Hovedinnhold

Frå sosiologi får ein mange nyttige reiskapar med seg vidare – både når det gjeld metode og tenkemåtar.

Studiar:

 

Kvifor valde du å studere sosiologi ved UiB?
Eg byrja først på filosofi. Etter at eg hadde tatt ex.phil. og ex.fac. tok eg først grunnfag, før eg starta å studere filosofisk etikk på 200-nivå. Samstundes oppdaga eg sosialfilosofi som eg las ved sidan av. Det synst eg var veldig interessant. Så byrja eg på sosiologi etter det. Eg har alltid vore interessert i historie og samfunnet, så det var naturleg å studere samfunnsvitskap. Dessutan har eg alltid vore politisk interessert.

 

Kva skreiv du masteroppgåve om?
Eg skreiv om rurale, kvinnelege analfabetar i Nepal. I oppgåva undersøkte eg diskursen om «Nye Nepal», som mellom anna handlar om at landet og menneska skal bli betre og meir moderne menneske gjennom utdanning. Som ein del av arbeidet med oppgåva var eg på feltarbeid i Nepal, i ein landsby i fjellet og ein på slettelandet.

 

Korleis var det å skriva masteroppgåve?
Det var krevjande, men også spanande. Å skrive masteroppgåve var på ein måte den einaste gongen eg verkeleg var student. Det er mykje tilrettelegging gjennom studiane, men arbeidsformene og tilværet som student blir veldig annleis når du byrjar på master. Noko av det kjekkaste med å gå på master var å få fordjupe meg sånn i noko eg er interessert i. Elles vil eg seie at det verkeleg var eit privilegium å få vere student ved Sosiologisk institutt. Det er på eit vis lite og gjennomsiktig, samtidig som takhøgda er så stor. Ein får eit forhold til dei tilsette som eg trur studentar andre stadar kan vere misunnelege på! Dei er fagleg dyktige på same tid som dei er genuint opptekne av studentane sine.

 

Jobb:

 

Kva jobbar du med?
Eg jobbar som flyktningkoordinator i Ørsta kommune. Her har eg ein variert og lite føreseieleg arbeidskvardag, for me har mange arbeidsoppgåver. Me driv med både norskundervising og grunnskuleopplæring, me skaffar praksisplassar og har individuelle samtaler. Det er ein samansett arbeidskvardag. Vi er tre stykk på kontoret der eg jobbar, og så er det tre lærarar på grunnskuleundervisning og tre på norskopplæring. Her jobbar det allmennlærarar, kommunalfagleg utdanna, sosionomar og sosiologar. Eg trur det er sunt at vi har ulike utdanningsbakgrunnar, det gjer at me kan unngå gruppetenking.

 

Kva er det beste med jobben din - og kva er det mest utfordrande?
Det beste er at det er så samansette oppgåver, eg får arbeida med menneske og ikkje berre saksbehandling. Eg driv med undervising, samhandlar med ulike instansar, og skaffar og fyller opp praksisplassar. I jobben min får eg arbeide både på «golvet» og «parketten» når det kjem til sosialt arbeid, dvs. både reint byråkrati samt ved å vere der «det skjer».


Målsetnaden er at etter å ha fullført eit toårig introduksjonsprogram, så skal deltakarane vere ute i jobb eller vidaregåande utdanning. Mange flyktningar har lite eller inga utdanning, og då kan det vere utfordrande å jobbe mot dette målet for visse grupper.

 

Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?
Det var ikkje noko problematisk for min del. Det er enklare å jobbe – når du er ferdig på jobb, så er du ferdig for dagen. Som student er det alltid noko ekstra du kan gjera, så du har på ein måte aldri heilt fri. Ein kan alltid lese litt til eller skrive meir eller betre. Når ein er ferdigutdanna slepp ein også dei økonomiske uroingane mange har som student. Studietida er likevel ein fin periode, eg saknar litt det å ha så mange folk rundt seg som ein småpratar med, og dei verkeleg gode venane ein har flytta frå som ein «løyste» verdsproblem med.

 

Sosiologi:

 

Kvifor bør nye søkjarar velje sosiologi?

Eg kan tilrå å studere sosiologi. Frå dette faget får ein mange nyttige reiskapar med seg vidare – både når det gjeld metode og tenkemåtar. Med utdanning frå sosiologi er ein til dømes godt budd til å jobbe med og for menneske. Ein lærer seg å tenkje systembygging og samhandling. Sosiologar er på sett og vis generalistar, så vi kan ta mange ulike arbeidsoppgåver. Vi er også kritiske, så vi har noko å bidra med på dei fleste arbeidsplassar.

 

Korleis får du bruk for ferdigheitene dine som sosiolog?
Eg underviser litt i samfunnsfag, så der får eg svært god bruk for det. I tillegg er det jo sånn at når ein har studert identitet, interaksjon og kultur, så har ein eit veldig godt utgangspunkt for å møte og jobbe med andre menneske. Eg trur også sosiologien kjem godt med når ein skal operasjonalisere lovverk og bygge system.

 

Har du nokre råd til sosiologar som er på veg ut på arbeidsmarknaden?
Ikkje ver sjenert over at du er sosiolog! Ver nøgd med at du har fått med deg generelle akademiske eigenskapar, men trekk også fram det du har av kompetanse som er spesifikt for sosiologar.