Hjem

Studentsider

Sjekkliste i studiestarten

Når du begynner å studere hos oss er det ein del gjeremål du må gjennom. Her finn du ei liste med dei viktigaste.

Betaling av semesteravgifta

Alle studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) må kvart semester betale semesteravgift til Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen).

Når: seinast innan 1. september. Nye studenter må venter til etter ca. 1. august
Kvar: Studentweb
Gjeld for: alle

Fristar 
Du henter sjølv ut betalingsinformasjon på Studentweb innanfor betalingsfristane.

  • Høstsemesteret frå veke 25 til 1. september
  • Vårsemesteret frå veke 50 til 1. februar

Logg på
For å logge deg på StudentWeb treng du fødsels- og personnummeret ditt og ein personleg PIN-kode. Den personlege PIN-koden din bestiller du på Studentweb ved å trykke på fanen Fødselsnummer og PIN. Velg så Send PIN-kode med e-post

Du kan også logge på via ID-porten. Har du opprettet brukerkonto kan du logge på med brukernavn og passord. 

Hent ut betaling
Vel Betaling frå Studentweb-menyen for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp. Du betalar så avgifta via nettbank.

Merk: Rett KID (ny KID kvart semester) må brukast for at betalinga skal verte registrert.

Når du har betalt semesteravgifta kan du bruke Sammen sine velferdstilbod.

Refusjon av semesteravgifta

Innan 1. september (for haustsemesteret) og 1. februar (for vårsemesteret) kan du søkje om å få semesteravgifta refundert.

Du kan søkje om refusjon dersom du har:

  1. betalt semesteravgifta og likevel ikkje skal studere ved UiB dette semesteret. Då må du enten         
    - sjølv sjå til at eventuelle undervisnings- og vurderingsmeldingar er trukket, og melde frå om at du har slutta på studieprogrammet         
    - eller ha innvilga permisjon.
  2. betalt semesteravgifta til ein annan samskipnad eller ved ein annan institusjon som er knytt til Sammen (Studentsamskipnaden på Vestlandet).

I løpet av inneverande semester kan du og søkje om å få semesteravgifta refundert dersom du har betalt for mykje.

Ønskjer du å søkje om refusjon av semesteravgifta
sender du ein søknad med grunngjeving til semesteravgift@uib.no Då må du leggje ved:

  • kontonummeret ditt
  • dokumentasjon på at semesteravgifta er betalt (semesterkvittering eller bankutskrift)
  • adressa di

Dersom du søkjer refusjon på grunnlag av betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad / betalt ved ein annan institusjon som er knytt til Sammen / du ikkje skal studere ved UiB dette semesteret, må du returnere semesterkortet og oblatet (om du har bestilt dette) før pengane vert tilbakebetalt. Semesterkortet og oblatet sendast til:

Studieadministrativ avdeling
Universitetet i Bergen
Postboks 7800
5020 Bergen

Betaling av semesteravgift ikke registrert på Studentweb

Dersom det er lenge siden du betalte semesteravgiften, men fortsatt får beskjed på StudentWeb om å betale, må du kontakte Studieadministrativ avdeling.

Har det gått over en uke siden du betalte, og betalingen enda ikke er registrert i StudentWeb, kan du ta kontakt med UiB. Send en kvittering/printscreen (fra kvitteringssiden i din nettbank) på at du har betalt avgiften til semesteravgift@uib.no fra din studentmail. Husk å inkludere studentnummer og fullt navn.

Dersom du har betalt semesteravgiften uten KID men til riktig kontonummer, vil dette normalt oppdages internt og registreres manuelt.

Betale semesteravgifta frå utlandet

Slik går du fram når du skal betale semesteravgift frå utlandet:

IBAN (int.acc.no): NO14 5201 0556082

BIC/SWIFT adresse: DNBANOKKXXX

SUM: NOK 590,-

  1. Semesteravgifta på 590,- inkluderer 40,- som går til studentorganisasjonen SAIH sitt arbeid for utdanning i det sørlege Afrika og i Latin Amerika. Dersom du ikkje ønskjer å støtte dette arbeidet, kan du trekkje 40,- i frå beløpet.
     
  2. Send ein e-post til semesteravgift@uib.no der du skriv formålet med betalinga, til dømes «Semesteravgift vår 2018».
  3. Til slutt, send kvitteringa frå banken din på e-post, og inkluder studenten sitt namn og studentnummer.

Vær merksam på at dersom du betalar semesteravgifta frå utlandet, vil det kunne ta opptil tre veker til betalinga di vert registrert i studentsystemet til UiB, og banken din kan krevje eit gebyr når du overfører pengane.

Betalt semesteravgifta til ein annan studiestad

Du treng berre å betale semesteravgifta ved ein studiestad, sjølv om du har studierett ved fleire. Hovudregelen er at du betalar til studiestaden der du oppheld deg gjeldande semester

Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) gjennom UiB, får ikkje gyldig semesterbevis frå UiB. Det inneber at du ikkje får bruke velferdstilbodet til Sammen, som til dømes studentbolig, helsetenesta eller barnehagetilbodet.

Registrer ekstern betaling

Dersom du betaler semesteravgifta ved ein annan studiestad, må det registrerast ved UiB.

Send ein e-post til semesteravgift@uib.no med dokumentasjon på at du har betalt semesteravgifta innan fristen, for at betalinga skal bli registrert av UiB.

Fristar

  • Haust: 1. september
  • Vår: 1. februar

Betale til fleire studiestader

Det er mogleg å betale semesteravgift til fleire studiestader. Du kan bruke velferdstilbodet til Sammen (Studentsamskipnaden på Vestlandet) dersom du òg betaler semesteravgifta til UiB. Betalingsinformasjon for semesteravgifta til UiB finn du i Studentweb.

Semesteravgift ved permisjon eller deltidsstudier

Permisjon
Du skal ikke betale semesteravgift eller bekrefte utdanningsplan for semestre du har fått innvilget permisjon. Dersom du har fødselspermisjon kan du velge å betale og registrere deg dersom du ønsker.

Deltidstudier
Semesteravgiften er den samme enten du studerer på et fulltids- eller deltidsprogram. Dette gjelder også dersom du har fått invilget redusert studieprogresjon.