Hjem
Studentsider
Utveksling

Sjekkliste før utreise

Dette er ei sjekkliste for deg som har fått opptak som Erasmus-student og skal reise på utveksling.

Hovedinnhold

Før du reiser, må du:

  1. Signere stipendavtalen (grant agreement):
    • Du må signere stipendavtalen ved Internasjonalt Senter, Studentsenteret 2. etasje, ope klokka 11-14 kvar vekedag. 
    • Du må fylle ut kontonummer og polisenummer for forsikring/Europeisk helsekort, og sjekke at utreise- og heimreisedato stemmer. Datoar for utvekslingsopphaldet avgjer kor stort Erasmus-stipendet blir, så det er viktig å sjekke det. Du må også huske å signere avtalen.
  2. Fylle ut Online Learning Agreement:
    • Utreisande studentar ved UiB nyttar Online Learning Agreement (sjå eigen fane for meir informasjon). Dersom du har signert en Learning Agreement i søknadsprosessen, treng du ikkje fylle ut OLA i tillegg.
  3. Ta EU Academy språktesten (frivillig)
    • Språktesten er frivillig for studentar som skal på Erasmus-uteksling.
    • Sjå eigen fane (Språk, språktest og språkkurs) for meir informasjon om korleis du tar testen
  4. Semesterregistrer deg ved UiB
    • Før 1. februar og 1. september må du semesterregistrere deg ved UiB
    • Oppdatere studieplanen (utvekslingssemester)
    • Legg inn pårørendeinformasjon
  5. Grøn Erasmus?
    • Dersom du reiser grønt på utveksling kan du få inntil 2000 kroner i reisestøtte. Send kvitteringene til erasmus@uib.no når reisen er gjennomført.
  6. Lese Erasmus Studentcharter
    • Les om Erasmus-studentar sine rettar og plikter her.
  7. Sjekke generelle råd for utvekslingsstudentar

Fristar

Frist for å levere signert stipendavtale, få signert Online Learning Agreement av alle partar og eventuelt ta språktesten:
•    Haustsemesteret: 5. september
•    Vårsemesteret: 30. januar
Dersom du leverer signert Learning Agreement etter fristen, vil du få stipendutbetalingen seinere.


Utbetaling av stipend

Du vil få omlag 70% av stipendet 30. september (for utveksling i haustsemesteret) eller 28. februar (for utveksling i vårsemesteret) dersom du har levert dokumenta og tatt språktesten innan fristen. Erasmus-stipendet er skattefritt og kjem i tillegg til eventuelt lån og stipend frå Lånekassen. 

Vi sender den signerte stipendavtalen og detaljert informasjon om Erasmus-stipendet til alle studenter som skal få Erasmus-stipend. Dette gjer vi omlag to veker før utbetalinga (midten av september og midten av februar).