Hjem
Studentsider

Kven kan søke og korleis søker ein?

Det er visse minimumskrav til studentar som ynskjer å reise på utveksling gjennom UiB sine avtalar.

Hovedinnhold

Følgande minimumskrav gjeld for den som vil søke om utveksling:

  • Du må gå på eit bachelor-/master- eller profesjonsstudium ved UiB når du søker
  • Opptaket på studiet må vere gyldig i heile utvekslingsperioden

Før du reiser ut er det viktig å hugse på følgande:

  • Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise
  • Studiet må vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din ved UiB før du reiser ut
  • Du må vere semesterregistrert ved UiB og betale semesteravgift også i utvekslingsperioden

Studentar på årsstudium, etter- og vidareutdanning eller med poststudierett kan ikkje søke om eller reise på utveksling.

Her kan du lese UiBs reglement for uttak og stipendtildeling for delstudier i utlandet.

Du har no

  • lese om minimumskrava til studentar som ynskjer å reise på utveksling gjennom UiB sine avtalar
  • fått ei oversikt over samarbeidsavtalane UiB har
  • orientert deg om kva av desse avtalane som spesielt vert trekt fram og anbefalt innanfor ditt studieprogram
  • kanskje også tatt ein prat med studierettleiar ved instituttet/fakultetet ditt om kvar/når du bør dra ut
  • plukka ut dei inntil 5 lærestadene du kan tenke deg å legge inn i Søknadsweb

Då er du klar til å søkje!