Hjem
Studentsider
Utveksling

Erasmus-utveksling i Europa

Bli utvekslingsstudent og reis ut på ein av UiB sine erasmusavtalar med erasmusstipend! UiB har omlag 800 erasmusavtalar med 350 ulike universitet.

Hovedinnhold

Erasmus+ er det største programmet for samarbeid innan utdanning i Europa. Erasmus+ blir finansiert av Den europeiske union (EU) og det er knytta ei eiga stipendordning til programmet. Erasmus+ gjelder for alle EU-landene, EØS-landene Island, Lichtenstein og Norge, i tillegg til Makedonia, Serbia og Tyrkia.

Alle studentar kan dra på Erasmus! 

Her finn meir informasjon dersom du skal reise på utveksling som Erasmus-student.

Vi tilrår alle å gå gjennom sjekkliste før utreise og sjekkliste før du reiser heim.

Erasmus-stipendet

Kor mykje kan du få i Erasmus-stipend

Frå studieåret 2021/22 er stipendet på anten 410 eller 460 Euro per månad, avhengig av kostnadsnivået i landet:

  • 460 Euro til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK
  • 410 Euro til andre programland

Dette stipendet er finansiert av EU og kjem i tillegg til stipend og lån frå Lånekassen.

Studentar med færre moglegheitar

I tillegg til vanleg Erasmus-stipend, kan følgande studentar søkje om tilleggsstipend på 250 ekstra Euro per månad:

  • Studentar med born under 18 år, uavhengig av om borna vert med på utveksling
  • Studentar med varig, kronisk sjukdom som påverkar studieesituasjonen
  • Studentar med flyktningstatus

Studentar som ønsker å søke om slikt tilleggsstipend, må kontakte erasmus@uib.no 

Trekk

Studentar som trekker seg må betale tilbake heile Erasmus-stipendet dersom opphaldet har vart mindre enn 2 månader.

Dersom utvekslingsopphaldet har vart meir enn 2 månadar når du trekkjer deg, må du berre betale tilbake stipendet for den tida som står att av utvekslingsopphaldet.

Dersom du vert sjuk eller må avbryte Erasmus-opphaldet av andre gode grunnar, kan du søke Erasmus-koordinator om fritak frå å betale tilbake heile eller deler av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad. Ta kontakt på erasmus@uib.no 
 

Språk, språktest og språkkurs

Du må ha gode nok språkkunnskapar

I Erasmus-avtalen står det kva for språknivå universiteta krev at studentar skal ha for å følgje undervisninga hos dei, anten i engelsk eller eit anna språk. Dei fleste universitet krev nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).

Fleire og fleire universitet i Europa har krav til dokumentasjon av språkkunnskapar for studentar som søkjer om opptak. Studenten må då stadfeste at ho/han har nok kunnskapar i språket til å kunne følgje undervisninga og avleggje eksamen på det språket undervisninga er på, om det er engelsk eller til dømes fransk, spansk eller tysk. Kontakt din studierettleiar eller erasmus@uib.no om du treng slik dokumentasjon i søknadsprosessen.

Ta EU Academy språktesten

For Erasmus-studentar som reiser ut på studie- eller praksisopphald er det frivillig å ta ein språktest før dei reiser på utveksling. Målet er å måle språkleg utbytte i tillegg til fagleg utbytte av eit utvekslingsopphald. Nokre universitet ønsker at studentar legger ved språktest med søknaden, og då kan ein som oftast bruke denne testen.

Slik går du fram for å ta språktesten:

Testen heiter Placement test og finns på alle 24 EU-språk. Først må du registrere deg slik det er skildra her. Deretter kan du følge denne steg for steg skildringa:

  • Gå til EU-Academy og logg inn her: https://academy.europa.eu/
  • I søkefeltet "What do you want to learn today", skriv inn "Placement test"
  • Du kan sjå alle tilgjengelege språktestar, men det er mogeleg å filtrere
  • Klikk på språktesten du skal ta
  • Inne på sida, trykk "Enrol" (gul boks til høyre, se bilde nedanfor).
  • Trykk deretter på "Attempt quiz now"
  • Testen tar 10 - 45minutter.
  • Når de har svart på alle spørsmål, trykk på "Finish attempt"
  • Gjennomgang av resultata. Siste sida viser språknivået ditt.

Språkkurs

Erasmus-studentar som ikkje får språkstipend frå Lånekassen fordi dei skal ha undervisning på engelsk, kan likevel få Erasmus-stipend for å delta på språkkurs i det lokale språket. Til dømes kan ein Erasmus-student i Frankrike som skal ha undervisning på engelsk, få støtte til franskkurs. Slik støtte tilsvarar ein månad vanleg Erasmusstipend (410/460 €).

Om du ønskjer å ta eit språkkurs i Noreg før du reiser, er det også mogeleg å søke støtte til dette. Vi kan gje Erasmus-støtte på inntil 5000 kroner til dette.

Dersom du ønsker å søkje om slik støtte, må du sende ein e-post til erasmus@uib.no og leggje ved informasjon om språkkuset. Du må vidare dokumentere at kurset er gjennomført (kursbevis eller lignande).

Online Learning Agreement

Alle Erasmus-studentar må ha ein Learning Agreement eller læringsavtale, før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, studieprogrammet/instituttet ved UiB og vertsuniversitetet.

UiB brukar Online Learning Agreement (OLA), som vert signert digitalt av alle parter:

  • Du må sjølv opprette ein Online Learning Agreement her. NB! Du må bruke Chrome, Edge eller Firefox (ikkje Internet Explorer)
  • Du logger på via eduGAIN/Feide eller Google. Vi anbefaler eduGAIN/Feide login, og merk at du må registrere deg første gangen du logger på via eduGAIN/Feide.
  • Du må fylle ut alle felt før du signerer OLA. Vi har laga ei detaljert brukarrettleiing som kan vere til god hjelp med dette.
  • Til dømes må du sjølv finne emnar/kurs ved vertsuniversitetet. Deretter signerer du digitalt.
  • Når du har signert, blir din OLA sendt til ditt studieprogram ved UiB (Sending Institution)
  • Dersom alt er ok, signerer studieprogrammet din OLA, og den sendes videre til vertsuniversitetet (Receiving Institution) for den siste signaturen.

Du får beskjed på e-post og/eller i Erasmus+ App’en når ein part har signert. Du kan også logge på Online Learning Agreement eller sjå Erasmus+ App’en for å sjekke status i undervegs prosessen.

Dersom alle partar signerer digitalt i OLA systemet, treng du ikkje gjere nok meir for vi har tilgong til systemet. Men dersom ein av partane (til dømes vertsuniversitetet) ikke signerer i systemet, men i ein pdf, må du sende ein kopi av din Learning Agreement med alle partars signatur til erasmus@uib.no

Det har vore ein omlegging av OLA og det er ikkje lenger mogeleg å sende OLA til universitetet som ikkje er tilknytta det digitale Erasmus-systemet. Mange vil koble seg på hausten 2022, men det er tekniske forseinkingar og nokre universitet vil difor koble seg på seinare. Her finner du Learning Agreement (LA) dersom ditt vertsuniversitet ikkje er kobla til OLA og du får feilmelding. Alternativt kan du be om å få tilsendt en word-versjon av Learning Agreement for utfylling og signering, ta kontakt på erasmus@uib.no. Ta brukarrettleiinga i bruk også for utfylling av LA dersom det er noko du lurer på!

Dersom du har fylt ut ein Learning Agreement i søknadsprosessen til vertsuniversitetet, treng du ikkje fylle ut ein OLA i tillegg, men hugs å sende ein kopi til erasmus@uib.no 

Dersom du treng meir hjelp eller råd med utfyllinga, kan du kontakte studierettleiar ved ditt studieprogram/institutt. Vi gjennomgår utfylling av OLA på Erasmus infomøte som du får innkalling til.

Siste frist for å ha ein (Online) Learning Agreement signert av alle partar, er to veker etter semesterstart.

Pdf-versjon av OLA?

  • Du kan laste ned ein PDF-versjon av Online Learning Agreement dersom vertsuniversitetet ønskjer ein papirversjon. Denne kan sjølvsagt også signerast på papir om nødvendig.
  • Dersom vertsuniversitetet ikkje kan signere online og ønskjer ein papirkopi, kan du skrive ut ein PDF av Online Learning Agreement. I så fall må du sende ein (skanna) kopi signert av alle tre partar til Erasmus-koordinator, erasmus@uib.no

Grøn Erasmus

Erasmus-programmet ønsker å bidra til å redusere klimaavtrykket og tilbyr studenter som ønsker å reise grønt på utveksling et ekstra stipend for grøne reiser.

Dersom du velger å reise med tog, buss eller bil til vertsuniversitetet ditt, kan du søke om å få et ekstra stipend på 2000 kroner. 

For å få grønt stipend, må du fylle ut dette søknadskjema etter at reisa er gjennomført, og legge ved kvittering for reisa. Vi utbetalar det grøne stipendet rundt 30. april i vårsemesteret (dersom søknaden er levert innan 30. mars).

Forlenging av utvekslingsopphald

Dersom du ønsker å forlenge utvekslingsopphaldet ditt, må du først kontakte vertsuniversitetet og studierettleiar ved UiB for å høyre om det er i orden. Vidare må du fylle ut ein ny (Online) Learning Agreement og sende ein kopi/gje beskjed til erasmus@uib.no. Deretter vil vi registere forlenginga og sende ein ny stipendavtale for Erasmus-stipendet for det neste semesteret. 

Skulle forlenginga gå frå vår til haust, vil det vere to ulike akademiske år, og det vil derfor vere naudsynt å rapportere to gongar. 

Erasmus+ praksisopphald

Erasmus praksisopphald er ei form for utveksling der du kan arbeide eller få opplæring i ein organisasjon, institusjon eller bedrift. Praksisopphaldet må vare mellom to og tolv månader.

Denne utvekslinga skal på same måte som studieutveksling inngå i eit gradsstudium, anten som erstatning for eit semester eller som eit (ekstra) frivillig semester i graden. Du vil få eit Erasmus-stipend på 150 € i tillegg til det ordinære Erasmus-stipendet. Det ordinære stipendet er 460 € til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK, og 410 € til andre programland.

På Erasmus praksisopphald må du ha ein Training Agreement. Denne skal signerast av studenten, ein representant frå instituttet ved UiB (som oftast studierettleiar) og arbeidsplassen. Avtalen skal sikre at praksisopphaldet vil bli godkjent som ein del av studieprogrammet ved UiB. Du finn Training Agreement her.

Erasmus etter endt grad

Det er også mogeleg å reise på Erasmus+ praksisopphald etter avslutta grad.  Praksisopphaldet må avtalast og praksisavtalen signerast medan du er gradsstudent, men sjølve praksisopphaldet kan gjennomførast innan 12 måneder etter at graden er avslutta. Då gjeld samme reglar som for vanleg praksisopphald, men det er ikkje krav om at opphaldet skal inngå i graden. Det er eit tak på 12 månaders Erasmus-utveksling per gradsnivå, så dersom du allereie har vore på Erasmus-opphald på graden du avslutter, er det begrensa kva antall månader du kan få praksisstipend for.

Med få unntak har ikkje institutta på UiB avtalar med eksterne partnarar om å sende studentane sine ut på Erasmus praksisopphald. Det betyr at studenten sjølv må finne ein bedrift/organisasjon/institusjon for å gjennomføre praksisen, og søkje instituttet/fakultetet om å få praksisen godkjent som ein del av graden.

Studentar som reiser på praksis etter endt grad, må søkje sitt fakultet om poststudierett for tida på praksis-utveksling etter endt grad. Det gjev betre rammar for forsikring på arbeidsplassen dersom ein er student på praksis.

Korleis søke 

Vi har to fristar kvart år for å søke om Erasmus+ praksisopphald og stipend: 1. juni for praksisopphald i haustsemesteret og 1. desember for praksisopphald i vårsemesteret. Søknaden må vere ein utfylt Training Agreement, og studieprogrammet/instituttet må signere på avtalen og slik bekrefte at dei førehandsgodkjenner praksisopphaldet. Søknaden sendes til erasmus@uib.no. Studentar som søkjer om eit praksisopphald som skal inngå i ein grad, vil bli prioriterte dersom vi får mange søkjarar. Vi vil behandle søknadar som kjem etter fristen dersom det er meir stipendmidlar tilgjengeleg. Du kan mellom anna søkje etter praksisplassar på desse sidene: https://www.arqus-alliance.eu/internshipswww.erasmusintern.org (som drives av organisasjonen Erasmus Student Network, ESN) eller www.iaeste.no (The International Association for the Exchange of Students for Technical Experience). 

Storbritannia og Brexit

Storbritannia gikk ut av EU 1. januar 2021, men UiB har fortsatt Erasmus-avtaler med læresteder i Storbritannia.

I studieåret 2022/23 vil det være mulig å reise på Erasmus-utveksling til Storbritannia som vanlig, og vi har nok Erasmus-stipend for å finansiere alle utreisende studenter.

Studenter som søker utveksling gjennom Erasmus-avtalene for å reise ut studieåret 2023/24, skal ikke betale skolepenger, men vi har et begrenset antall Erasmus-stipend, noe som betyr at ikke alle studenter er garantert Erasmus-stipend. Antall stipend vil først bli avklart i mai/juni 2023, når vi ser tildelingen av Erasmus-stipend fra EU.

For studenter som reiser på utveksling til Storbritannia, er det av betydning om utvekslingsoppholdet varer mer eller midre enn 6 måneder:

  • Norske borgere trenger ikke visum for innreise til Storbritannia for opphold inntil seks måneder.
  • For opphold utover seks måneder er det krav om visum. Det utløser videre krav om en offisiell språktest (ikke nok med bekreftelse fra UiB) og en egen obligatorisk helseforsikring

Behov for spesiell tilrettelegging

Studentar med nedsett funksjonsevne eller kroniske sjukdommar har ofte ikkje same mogelegheiter som andre til å delta i utvekslingsaktiviteter.

Alle utdanningsinstitusjonar som deltar i Erasmus+ har forplikta seg til å leggje til rette for personer med spesielle behov eller som har ei funksjonsnedsetting.

Slik har EU definert ein person med behov for tilrettelegging: «a person with special needs; a potential participant whose individual physical, mental or health-related situation is such that his/her participation in the mobility action would not be possible without extra financial support».

Ta kontakt med studierettleiar eller Erasmuskoordinator dersom du tenkjer at dette kan gjelde deg. Då kan vi ved UiB søkje om ekstra midlar frå SIU som kan dekkje dokumenterte ekstrautgiftar knytta til utveksling. Behovet må dokumenterast gjennom legeerklæring eller lignande.