Hjem
Studentsider
Administrer studia dine

Godkjenning av utdanning

Du kan søke om at utdanning tatt ved andre institusjonar skal bli ein del av graden din ved UiB.

Hovedinnhold

Alle som er studentar på eit studieprogram ved UiB, kan søke om godkjenning av tidlegare utdanning. Her finn du informasjon om korleis du søker. 

Godkjenning av emne frå UiB

Har du studert ved UiB før? Då er det ikkje nødvendig å fylle ut søknadsskjema. Send ein e-post til studierettleiar for studieprogrammet ditt, og spør om emnet kan godkjennast som ein del av studieprogrammet du går på no. Studierettleiar kan hjelpe deg med å planlegge studieløpet ditt vidare. Hugs at du alltid kan sjekke utdanningsplanen din i Studentweb.

Frie studiepoeng

Du kan få godkjent utdanning som ikkje overlappar med emne du skal ta i graden din, avhengig av kor mange frie studiepoeng du har i studieprogrammet ditt.

Ex.phil og ex.fac (“innføringsemner”)

Har du ex.phil frå UiB? Så treng du ikkje å sende inn søknad. Emnet blir automatisk lagt inn i utdanningsplanen din. Er du student ved Det juridiske fakultet eller Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet? Då må du ta kontakt med infosenteret ditt.

Har du ex.fac frå UiB? Send inn eit søknadsskjema, sjå nedst på denne sida.

Har du innføringsemne frå andre norske utdanningsinstitusjonar? Send inn eit søknadsskjema om å få innpassa desse.

Emne og grader frå utlandet

Ønskjer du å få innpassa utdanning tatt i utlandet i graden din, må du kunne dokumentera heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Poengsystem må dokumenterast om det ikkje er ECTS.

Studie- eller fagplanar må vere stadfesta av den aktuelle institusjonen eller finnast som ei offisiell studiehandbok/universitetskatalog eller nettside. Dokumentasjonen må du laste opp i søknadsskjemaet når du søker om godkjenning, eller du må ettersende.

Eigne prosedyrar gjeld for innpassing/endeleg godkjenning av delstudium i utlandet.