Hjem
Studentsider

Etter opphaldet

Når du kjem heim att frå utveksling ber vi deg om å skrive ein rapport frå opphaldet. I tillegg må du søkje om endeleg godkjenning og innpassing av delstudiane.

Hovedinnhold

Studentrapport

Ettersom dei erfaringane du gjer deg i utlandet er verdifulle for framtidige utvekslingsstudentar, må du levere ein rapport frå utvekslingsopphaldet ditt til UiB. Rapporten leverer du gjennom denne portalen og den vil etter kvart verte publisert på UiBs nettsider om samarbeidsinstitusjonar.

Dei som har vore på utveksling gjennom Erasmus vil i tillegg få tilsendt ein epost frå Europa-kommisjonen med lenke til ein portal der du skal levere ein annan rapport.
 

Godkjenning

  • Det er lurt å samle god informasjon om kursa du tek (detaljerte kursskildringar, litteraturlister, skjema som viser talet på undervisningstimar, kopi av eksamenane dine osb.). Då vert det enklare for deg når du kjem heim og skal søke om endeleg godkjenning. Dette er særleg viktig dersom du skal søkje om spesifisert godkjenning.
  • Karakterutskrifter vil i ein del tilfelle bli sende direkte frå vertsuniversitetet til studenten etter endt opphald. Dette gjeld hovudsakleg for dei som har vore på Erasmus-utveksling. Nokre universitet kan gi studentane utskrifter før dei reiser heim, men i dei fleste tilfelle vil utskriftene bli sende til Studieadministrativ avdeling. Vi tek kontakt med studenten så snart vi mottek karakterutskrifter frå samarbeidsuniversitet i utlandet". Ver oppmerksam på at det kan ta fleire månader før utskriftene kjem.
  • Presenter karakterutskrifta di for studieprogrammet/fakultetet ditt så fort du kan, i samband med at du søkjer om endeleg godkjenning av studia i utlandet.
  • Fakulteta og studieprogramma har ulik praksis for godkjenning. Ta kontakt med fakultetet, instituttet eller studieprogrammet ditt for nærare informasjon.