Hjem
Studentsider

Om du treng hjelp i utlandet

Om du treng hjelp medan du er i utlandet kan det vere nyttig å vere merksam på følgjande punkt:

Hovedinnhold

  • Kontakt lokalt politi, brannvesen og/eller ambulanse/lege ved behov. Få eventuelt tak i nokon som kan fungere som tolk.
  • Viss du vert råka av sjukdom, ulykker, vald, opptøyar, naturkatastrofar eller liknande og treng hjelp frå UiB, skal du først prøve å kontakte den administrative koordinatoren for utanlandsopphaldet ditt.
  • Viss du i ein krisesituasjon ikkje får kontakt med administrativ koordinator eller Studieadministrativ avdeling, skal du ringe UiB sitt naudnummer +47 55 58 80 81. Dette nummeret er vidarekopla til vaktselskapet som er informert om kven som skal kontaktast vidare.
  • UiB vil i ein slik krisesituasjon ha bruk for opplysningane du har oppgitt på opplysningsskjema/eigenerklæring for studentar.
  • Du bør også ta kontakt med næraste norske utanriksstasjon. Oversikt over norske ambassadar finn du på www.norway.info. Som hovudregel bør du vere registrert ved næraste utanriksstasjon ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/Nord-Amerika. Du kan registrere deg online på www.reiseregistrering.no.
  • Ved unntakstilhøve skal du følgje råd og pålegg frå lokale styresmakter.
  • Dersom ein farleg situasjon skulle oppstå i landet, ta kontakt med familien din heime for å gi beskjed om at du er trygg. Dette gjeld også dersom du ikkje er i nærleik til hendinga. Familien din har ikkje alltid oversikt over dei geografiske tilhøva.
  • Dersom du av ein eller annan grunn vantrives og ønskjer å avbryte utanlandsopphaldet, snakk først med koordinator ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren din ved UiB. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løyse problema dine.
  • I UiBs beredskapsbrosjyre for studentar som reiser på utveksling finn du mange gode råd om tryggleik i utlandet.
  • Den norske kyrkja i utlandet har ein eigen bereiskapstelefon: +47 95 11 91 81. Sjå også www.sjomannskirken.no.