Internasjonal uke 2021
Vil du reise på utveksling? UiB arrangerer Internasjonal uke 18. - 22. januar 2021

Mange delar av verda er hardt ramma av koronautbrotet, og situasjonen er i stadig endring, noko som gjer det vanskeleg å seie kvar det er mogleg å reise på utveksling til hausten. Likevel planlegg UiB som normalt og lyser ut avtalar både i og utanfor Europa i inneverande søknadsrunde om utveksling.
Denne veka arrangerer vi Internasjonal uke, og du har no høve til å bli inspirert og informert om moglegheitene du har til å reise ut i ditt studium. Når i studiet kan du reise ut? Kvar kan du reise? Korleis søker du? Vi hjelper deg!
Internasjonal uke 2021 består i all hovudsak av digitale arrangement - få med deg det som skjer sentralt og ved ditt fakultet!
Måndag 18. januar
Kl. 13: Digital opningssending, v/Internasjonalt senter UiB.
Denne sendinga kan du no sjå i opptak - klikk deg inn her!
Resten av veka
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet: Følg med på vår Instagram-konto @RealfagUiB! Der får du i løpet av veka mykje informasjon om utveksling og du får høve til å sende inn spørsmål til ein student som er på utveksling! Har du spørsmål om utveksling eller våre avtalar, send ein epost til studie.matnat@uib.no
Det medisinske fakultet:
Onsdag 20. januar
Kl. 16-17: Zoom-møte om utvekslingsmulighetene på medisin
Kl. 17-18: Zoom-møte om utvekslingsmulighetene på odontologi, tannpleie, ernæring, farmasi og masterprogrammene i biomedisin og global helse
Om du har spørsmål om utveksling, finn søknadsinformasjon og kontaktinformasjon på Det medisinske fakultet si nettside.
Det juridiske fakultet: Vil du studere i utlandet neste studieår, eller seinare? Sank informasjon og få inspirasjon i løpet av den internasjonale veka 18. til 22. januar 2021 ved Det juridiske fakultet! Sjå program her.
Det samfunnsvitskaplege fakultet: Vi inviterer til programvise orienteringsmøter om utveksling. Sjå program her.
Fakultet for kunst, musikk og design: Har du spørsmål om utveksling og våre avtalar, eller ønsker du rettleiing, send ein epost til exchange-kmd@uib.no. Du finn meir informasjon på KMD si nettside om utveksling.
Det psykologiske fakultet:
Onsdag 20. januar
Kl. 13-14: Zoom-orienteringsmøte om delstudier i utlandet
Kl. 14-15: Zoom-møte med studentar som har vore på utveksling
Kl. 09-10: Zoom-orienteringsmøte for profesjonsstudentar i B-kull om nytt emne og utveksling til University of Ghana hausten 2021
Meir informasjon finn du her.
Det humanistiske fakultet:
Har du spørsmål om utveksling og våre avtaler, eller ønsker du rettleiing, send ein epost til studierettleiar@hf.uib.no. Du finn meir informasjon på HFs nettside om utveksling.