Hjem
Studiekvalitet
Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia

16.2 Nye fellesgrader/felles studieprogram

Universitetet kan inngå avtalar om forpliktande utdanningssamarbeid med norske og utanlandske institusjonar, i form av fellesgrader eller felles studieprogram.

Fellesgrader er kjenneteikna av at dei deltakande institusjonane tildeler vitnemål i fellesskap, medan felles studieprogram er eit samarbeid der ein einskild institusjon tildeler vitnemål. Retningsliner for vitnemål i fellesgrader går fram av UiB si studieforskrift.

Rutinane som går fram av avsnitt om nye studieprogram, gjeld i all hovudsak også for etablering av fellesgrader og felles studieprogram, men arbeidet tek vanlegvis lengre tid ettersom programmet skal verte godkjend av fleire utdanningsinstitusjonar. Det kan difor verte naudsynt å godkjenne programmet utanom universitetet sine gjeldande fristar. Ved felles studieprogram er det ein av dei deltakande institusjonane som opprettar programmet og som har det formelle ansvaret for drifta og for å tildele graden, men med omfattande bidrag frå dei andre deltakarane.

For felles studieprogram der UiB er gradsgivande institusjon, skal UiB sitt kvalitetssystem gjelde. For fellesgrader gjeld UiB sitt kvalitetssystem for dei emna som UiB tilbyr. I tillegg skal det verte utarbeida eigne retningsliner for kvalitetssikring på programnivå, basert på dei deltakande institusjonane sine kvalitetssystem og internasjonale standardar. Utfyllande reglar for fellesgrader går fram av dokumentet «Veiledning for utvikling og drift av fellesgrader».

For utfyllande omtale av fellesgrader, sjå eigne nettsider.