Hjem
Studiekvalitet

Emneevaluering

Minst 1/3 av dei emna som det til kvar tid vert undervist i, skal verte evaluert kvart år.

Det einskilde fakultetet avgjer kva for emne som skal evaluerast for eitt studieår om gongen, medan emneansvarleg, i samarbeid med studieadministrasjonen, står for planlegging og gjennomføring av evalueringa.

Emneevalueringar skal minst omfatte:

  • studentevaluering av emnet, gjerne som undervegsevaluering
  • ei vurdering av om framdrift og opplegg for emnet er i samsvar med dei fastsette måla, kommentarar til studentevalueringa og eventuelle andre former for evaluering, og forslag til tiltak for vurdering av samanhengen mellom fastsett læringsutbyte og undervisnings- og vurderingsformene i emnet
  • omtale av arbeidet med oppfølging av tidlegare evalueringar

Hovudresultata frå studentevalueringane skal verte gjort kjende for studentane gjennom emne- og programrapportar i Studiekvalitetsbasen.

Fakulteta kan fastsetje at andre forhold og spørsmål og vert vurderte under emneevalueringa, til dømes korleis emnet fungerer i ulike studieprogram. Større endringar i studieplanen for eit emne bør verte fulgt opp med ei evaluering ved første høve. Så langt det er praktisk gjennomførbart, skal alle emne verte evaluerte minst ein gong kvart 3. år.

Den emneansvarlege skal syte for at det vert utarbeidd ein rapport etter at eit emne er evaluert. Instituttet, faggruppa og/eller fakultetet utarbeider ein samla rapport om alle evaluerte emne, normalt etter kvart semester.

Rapportane skal syne tiltak og handlingar som kan føre til forbetring og vidareutvikling av studiekvaliteten, og kva konsekvensar arbeidet med utdanningskvalitet har for prioriteringar og ressursstyring. Fakultetet fastset sjølv nærmare fristar for rapporteringane.