Hjem

Sosialantropologi, årsstudium

Sosialantropologi er studiet om sosialt og kulturelt mangfald i verda. Du lærer om korleis vi kan forstå politikk, religion, makt, økonomi, slektskap, identitet, konflikt, kommunikasjon og våre fysiske omgjevnadar, og om samanhengen mellom desse i eit heilskapleg perspektiv. Antropologar forskar i heile verda og ser på lokale tilpassingar til globale prosesser, inkludert konsekvensane av klimaendringar, rettane til minoritetar, ulike former for kunnskap, eller korleis teknologi påverkar samfunnet vårt.
  • Lengde1 år
  • Ordinær43,5
  • Primær41,7
  • Plassar20
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Ein student med årsstudiet i sosialantropologi 

  • har samanliknande kunnskap om menneskelege levemåtar verda over. 
  • kan bruke analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar og endringar. 
  • forstår samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i akademiske tekstar. 
  • kan gjere greie for faghistoriske utviklingstrekk, dei sentrale metodane og teoretiske perspektiva innan sosialantropologi. 
  • kan analysere korleis ein akademisk tekst er bygt opp, finne sentrale argument i tekstar, samanlikne dei og formulere ei samla framstilling av funna.  

Fullt læringsutbyte

7 grunnar til å studere sosialantropologi

Studiekvardag 

Sosialantropologi ved UiB passar for deg som er engasjert, open og samfunnsinteressert, som ynskjer å utforske verda og er nysgjerrig på menneske. Det er eit føremon om du likar å reflektere over problemstillingar der du ikkje kan sette to strekar under svaret.

Årsstudiet i sosialantropologi er eit studium på fulltid. Du vil ha forelesingar, arbeidsgrupper og oppgåveskriving. Du vil óg få god tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet Etnografen,  tidsskriftet Kula Kula og Antrohalvtimen. Du kan vere med i antropologisk podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff. 

Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. 

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 

Kva kan du jobbe som? 

Arbeidslivet set høge krav til fleksibilitet, sjølvstendig tenking og evne til å sjå andre sine perspektiv. Antropologistudiet gjev deg denne kompetansen.

Nokon får jobb på grunnlag av den generelle samfunnsvitskaplege kompetansen, inkludert kvalitativ metode, ein får gjennom studiet. Andre får jobb på grunnlag av spesialiserte region- eller temakunnskapar. 

Antropologar jobbar med alt frå 

  • forskings- og kommunikasjonsarbeid i media, og internasjonale organisasjonar som Røde Kors eller FN. 
  • kulturomsetting, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet. 
  • sosialt arbeid innan barnevern, rusomsorg eller liknande.  
  • privat og offentleg administrasjon, som UDI, IMDI, politiet, NAV og UiB. 

Etter bachelor kan du gå vidare til masterprogrammet i sosialantropologi.

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse

Søknadsfristen er 15. April.  

Studiets oppbygging 

Årsstudiet i sosialantropologi går over to semester og startar i august. 

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut i frå kva bakgrunn du har. 

Årsstudium med innføringsemne 

Passer for deg som ikkje har studert før, svarer til det første året i bachelorstudiet i sosialantropologi. 

På årsstudiet kan du studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for deg som vil bygge på tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosialantropologi gjev undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga. 

1. semester

  • SANT100 Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
  • SANT150 Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)
  • Examen philosophicum – EXPHIL-SVSEM seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
  • SANT105 Politikk, makt og motstand (15 studiepoeng)

2. semester

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje høve til utveksling på årsstudium. 

Vidare studiemoglegheiter

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men det kan inngå som del av ein bachelor i sosialantropologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter at du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i sosialantropologi.  

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 38 01 

E-post: studieveileder.sosantr@uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her